Lewis (skotsk-gælisk Leòdhas), òg kalla Isle of Lewis, er den nordlege delen av øya Lewis og Harris, den største øya i Hebridane i Skottland. Ho har eit areal på Thompson, Francis (1968) Harris and Lewis. Newton Abbott. David & Charles. s. 15.
Lewis er generelt den lågareliggande delen av Lewis og Harris, og den andre delen, Harris er meir fjellendt. Den einaste byen på øya, Stornoway, ligg på Lewis, og her bur tre fjerdedelar av alle innbyggjarane i Ytre Hebridane.
Lewis har ein presbyteriansk tradisjon med ei rik historie. Ho var ein gong ein del av det norske Kongedømet Man og øyane. Livet er i dag ganske annleis andre stader av Skottland med sabbat, gælisk språk og torvkutting. Lewis har ei rik kulturarv med mange segner og myter, i tillegg til ein lokal litteratur- og musikktradisjon.
Historie mini|venstre|Mot åsane på Lewis Det har vore folk på Lewis i minst 8000 år, noko dei forskjellige steinane, og rester av svibruk som gjorde det mogeleg å innføre rein til øya syner. Arkeologiske utgravingar syner at dei eldste busetnadene er 5000 år gamle, og dei fleste av desse er steinhus i området rundt Carloway og strendene Dail Mòr.
Callanish/Calanais er vanlegvis skildra som Skottland sitt svar på Stonehenge, men ingen veit kva steinsirklane vart nytta til, men det er mellom anna vurdert som retningslinjer for ulike sol- og månerelaterte hendingar.
Etter det skotske opprøret i 1745 vart det forbode med gæliske tradisjonar og kultur. Det var mellom anna ikkje lov å ha på kilt, synge waulking-songar, men språket døydde likevel ikkje ut. Dette førte mellom anna til at mange skottar emigrerte til Nova Scotia i Canada. Nova Scotia tyder Ny-Skottland.
Plante- og dyreliv Dyrelivet på Isle of Lewis er ofte sett på som unikt og bortsett frå havørn, hjort og fleire selartar, finn ein òg sjeldan flora på øya, samt den eldste bergarten i Europa, Lewissian gneis.
Demografi og kultur mini|venstre|Svarthuslandsbyen Garenin Mesteparten av folkesetnaden på Lewis er presbyterianarar. Søndagen er framleis kviledag, og alle butikkar og restaurantar er derfor stengde, med få unntak i Stornoway der nokre restaurantar er opne. Det gæliske språket står sterkt på Lewis, og er morsmålet i mange tilfelle. Landsbyen Nis nord på øya har den største delen skotsk-gælisk-talande i verda.
Attraksjonar mini|Dei ståande steinane ved Callanish Callanish Standing Stones; ståande steinar. Består av fleire små steinsirklar. Dùn Charlabhagh Broch, eit vakttårn frå jernalderen Jernalderhus på Bostadh Garenin Blackhouse Village St. Columba's Church i Aignish Team Pulls Mholuaidh i Nis Clach en Truiseil, ein av dei mange bautaene på øya Clach Na Thursa i Carlabhagh Bonnie Prince Charlie-monumentet i Arnish Lews Castle Klippene på Butt of Lewis Strendene i Uig Tràigh Tolsta Tràigh Dail Mòr Nis Hamna i Stornoway og sjølve byen
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lewis» frå , den 26. februar 2010. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Reiseguide for Lewis Panoramabilete av øya (krev QuickTime)
Kategori:Øyar i Ytre Hebridane *