Hepatitt C er ein viral leverinfeksjon som kan gjeva gulsott med gul hud og gule bindehinner i auga (ikterus). Sjukdomen er ofte kronisk og vert årsaka av hepatitt C-virus (HCV) som fyrst og fremst smittar ved blodkontakt.
Historikk I 1970-åra gjorde nye serologiske testar det mogleg å diagnostisera både akutt, kronisk og gjennomgått hepatitt B-infeksjon og akutt og gjennomgått hepatitt A.Duermeyer W, Wielaard F, van der Veen J (1979) «A new principle for the detection of specific IgM antibodies applied in an ELISA for hepatitis A» - J Med Virol., vol. 4, nr. 1, s. 25-32. PMID: 231096 (samandrag). Det stod då klart at det i tillegg til hepatittformene A og B laut finnast ytterligare minst ei, truleg to former for viral hepatitt:
1. Den eine forma skulle fyrst og fremst smitta parenteralt som hepatitt B og ofte årsaka kronisk infeksjon.
2. Den andre forma skulle smitta på liknande vis som hepatitt A og vera årsak til både hepatittepidemiar og sporadiske tilfelle i utviklingsland. Av di det den gongen ikkje fanst testar for aktiv diagnostikk av noka utav desse hepatittformene, var båe lenge berre ein eksklusjonsdiagnose: parenteralt og enteralt overført hepatitt non A non B (HNANB).Spichtin HP (1985) «Hepatitis non-A, non-B: epidemiologic, clionical, serologic and morphologic aspects» - Klin Wochenschr., vol. 63, nr. 9, s. 389-404. PMID: 2582179 (samandrag)Dienstag JL (1983) «Non-A, non-B hepatitis. I. Recognition, epidemiology, and clinical features» - Gastroenterology, vol. 85, nr. 2, s. 439-462. PMID: 6305760 (samandrag)
Av alle hepatittilfelle i USA var 17 % transfusjonsoverførte og 21 % misbruksårsaka HNANB.Alter MJ, Hadler SC, Judson FN, Mares A, Alexander J, Hu PY, Miller JK, Moyer LA, Fields HA, Bradley DW, Margolis HS (1990) «Risk factors for acute non-A, non-B hepatitis in the United States and association with hepatitis C virus infection» - JAMA, vol. 264, nr. 17, s. 2231 – 2265. PMID: 2170702. (pdf) Av di smitte vart overført både med blod, faktorkonsentrat og intravenøst immunglobulin,Rollag H, Evesen SA, Frøland SS, Glomstein A (1990) «Prevalence of antibodies against hepatitis C virus in Norwegians with congenital coagulation factor defects treated with plasma products from small pools» - Eur J Clin Microbiol Infect Dis., vol. 9, nr. 8, s. 612-614. PMID: 2170135 (samandrag)Ebeling F (1995) «Hepatit C i Norden» - Nord Med., vol. 110, nr. 2, s. 53-54. PMID: 7854912 (samandrag)Bjøro K, Frøland SS, Yun Z, Samdal HH, Haaland T (1994) «Hepatitis C infection in patients with primary hypogammaglobulinemia after treatment with contaminated immune globulin» - N Engl J Med., vol. 331, nr. 24, s. 1607-1611. PMID: 7526215. (pdf) var parenteralt overført HNANB eit stort transfusjonsmedisinsk problem. Utan testar for HNANB vart i staden anti-HBc på epidemiologisk grunnlag nytta som surrogatmarkør på blodgjevarar.Stevens CE, Aach RD, Hollinger FB, Mosley JW, Szmuness W, Kahn R, Werch J, Edwards V (1984) «Hepatitis B virus antibody in blood donors and the occurrence of non-A, non-B hepatitis in transfusion recipients. An analysis of the transfusion-transmitted viruses study» - Ann Intern Med., vol. 101, nr. 6, s. 733-738. PMID: 6437308 (samandrag)
HNANB heldt fram med å vera ein eksklusjonsdiagnose fram til 1989. Då kunne fyrste generasjonens serologiske testar for hepatitt C takast fram med hjelp av ny, molekylærbiologisk, rekombinant teknikk.Choo Q-L, Kuo G, Weiner AJ, Overby LR, Bradley DW, Houghton M (1989) «Isolation of a cDNA clone derived from blood-borne non-A, non B viral hepatitis genome» - Science, vol. 244, nr. 4902, s. 359-362. PMID: 2523562 (samandrag)Kuo G, Choo Q-L, Alter HJ, Gitnik GL, Redeker AG, Purcell RH, Miyamura T, Dienstag JL, Alter MJ, Stevens CE, Tegtmeier GE, Bonino F, Colombo M, Lee W-S, Kuo C, Berger K, Shuster JR, Overby LR, Bradley DW, Houghton M (1989) «An assay for circulating antibodies to a major etiologic virus of human non-A, non-B hepatitis» - Science, vol. 244, nr. 4902, s. 362-364. PMID: 2496467 (samandrag) Ved ettergransking synte det seg at hepatitt C hadde vori årsak til 70–90 % av alle tilfelle med posttransfusjonshepatitt HNANB som hadde tilkome etter innføring av gode serologiske testar for HBV under 1970-åra.Esteban JI, Esteban R, Viladomiu L, López-Talavera JC, Gonzalez A, Hernandez JM, Roget M, Vargas V, Genesca J, Buti M et al (1989) «Hepatitis C virus antibodies among risk groups in Spain» - Lancet, vol. 2, nr. 8658, s. 294-297. PMID: 2569102 (samandrag)Iwarson S (1990) «Mönstret för non A-, non B-hepatit klarnar» - Läkartidningen, vol. 87, nr. 1-2, s. 13-14. I nordiske land synte ettergransking av serum ein prevalens for hepatitt C på 60–80 % hjå pasientar med alvorleg hemofili A eller B medan sprøytebrukarar kom opp i så mykje som 80–90 %.
Virus Hepatitt C-virus er eit einstrenga, lite RNA-virus med kappe. Det høyrer heime i eit genus som kallast Hepacivirus i familien Flaviviridae. HCV kan skiftast i minst seks ulike genotypar som i viss mon har både ulik geografisk og sosial utbreiing. Kvar genotype har fleire undertypar (subgenotypar). Den positivt lada genomstrengen kodar for 3 strukturelle (core, E1, E2) og 7 ikkje-strukturelle preprotein (p7, NS2, NS3, NS4A, NS4B, NS5A og NS5B).Chevaliez S, Pawlotsky JM (2006): «Hepatitis C Viruses: Genomes and Molecular Biology» - i: Hepatitis C viruses, genomes and molecular biology.(red. Tan, S-L), kap. 1, s 5–47 - Norfolk (UK), Horizon Bioscience. PMID: 21250393. ISBN-10: 1-904933-20-3ISBN-13: 978-1-904933-20-5. (pdf)
Akutt sjukdom Hepatitt C har ei inkubasjonstid på 2–26 veker - i dei fleste tilfella på 5-12 veker. I det akutte stadiet brukar symptoma å vera mildare enn ved hepatitt B. Sjuklingen kjenner seg ofte berre uvel og trøytt eller har andre og atypiske symptom som sjeldan gjev grunn for klinisk diagnose. Berre mellom 10 og 15 % får ikterus. I 60 – 70 % av tilfella er sjukdomen subklinisk. Av dei akutte tilfella lækjer 20–40 % seg spontant. Dei fleste av desse har gjort seg av med virus etter tre månader. Slik utvikling ser ein fyrst og fremst hjå pasientar med kliniske symptom. I denne gruppa lækjer om lag 50 % utav tilfella spontant.Ozaras R, Tahan V (2009) «Acute hepatitis C: prevention and treatment» - Expert Rev Anti Infect Ther., vol. 7, nr. 3, s. 351-361. PMID: 19344247 (samandrag)Gerlach JT, Diepolder HM, Zachoval R, Gruener NH, Jung MC, Ulsenheimer A, Schraut WW, Schirren CA, Waechtler M, Backmund M, Pape GR (2003) «Acute hepatitis C: high rate of both spontaneous and treatment-induced viral clearance» - Gastroenterology, vol. 125, nr. 1, s. 80-88. PMID:12851873 (samandrag). Virusmengda i serum er ikkje avgjerande for sjukdomsprognosen.Alberti A, Chemello L, Benvegnù L (1999) «Natural history of hepatitis C» - J Hepatol., vol. 31, suppl. 1, s. 17-24. PMID: 10622555 (samandrag). Derimot kan visse skilnader i det humane genet for IFNλ (IL28B) vera viktige for spontanlækinga. Dei mogelege oppsetta i dette genet har ulik frekvens hjå ulike folkeslag. Det er mistanke om at dette kan vera ei mogeleg forklaring til at asiatar syner best og afrikanskætta menneske dårlegast tendens til spontanlæking av hepatitt C.Thomas DL, Thio CL, Martin MP, Qi Y, Ge D, O'Huigin C, Kidd J, Kidd K, Khakoo SI, Alexander G, Goedert JJ, Kirk GD, Donfield SM, Rosen HR, Tobler LH, Busch MP, McHutchison JG, Goldstein DB, Carrington M (2009) »Genetic variation in IL28B and spontaneous clearance of hepatitis C virus« – Nature, vol. 461, nr. 7265, s. 798 – 801. PMID:19759533. (pdf)
Kronisk hepatitt C Ved persisterande viremi i meir enn 6 månader talar vi om kronisk hepatitt. Dette ser vi i så mykje som 50–80 % av tilfella. Utvikling til kronisk infeksjon er vanlegare om pasienten har linne eller inga symptom i akuttfasen. Bortsett frå viss orkesløyse er kronisk hepatitt C som oftast symptomfattig, men einstaka sjuklingar kan plagast av matløyse, kvalme, slengande feber og tidvis til og med få ikterus. Levertransaminasar (ASAT, ALAT) syner ofte skiftande verde. Ved kronisk hepatitt er det helle ikkje uvanleg med ekstrahepatiske autoimmune sjukdomar som tyreoiditt, kryoglobulinemi, kutan porfyri og glomerulonefritt.Manns MP, Rambusch EG 1999) « Autoimmunity and extrahepatic manifestations in hepatitis C virus infection» - J Hepatol., vol. 31, suppl. 1, s. 39-42. PMID: 10622558 (samandrag). Ved manifest cirrhose kan dessutan ascites, øsofagusvaricer og encefalopati koma i tillegg.
Utan behandling får 20–30 % av dei kroniske tilfella levercirrhose etter 20–30 år. Faktorar som mannleg kjønn, infeksjonstilfelle etter 50 års alder, alkoholmisbruk og koinfeksjon med HIV kan påverka utviklinga i negativ lei. Utav cirhosepasientane kjem om lag 20 % til å få leverkreft med ein årleg insidens på 3–5 %. Dette kjem truleg til å ramma 1–4 % utav alle med kronisk HCV-infeksjon.Sánchez-Quijano A, Andreu J, Gavilán F, Luque F, Abad MA, Soto B, Muñoz J, Aznar JM, Leal M, Lissen E (1995) «Influence of human immunodeficiency virus type 1 infection on the natural course of chronic parenterally acquired hepatitis C» - Eur J Clin Microbiol Infect Dis., vol. 14, nr. 11, s. 949-953. PMID: 8654444 (samandrag).World Health Organization (2002) «Hepatitis C» - WHO/CDS/CSR/LYO/2003.? Hepatitis C, Global Alert and Response (GAR). Kan lastast ned som PDF-fil. Di Bisceglie AM (1998) «Hepatitis C» - Lancet, vol. 351, nr. 9099, s. 351-355. PMID: 9652633 (samandrag) På verdsbasis er cirrhose som er framkalla av HCV den viktigaste årsaka til levertransplantasjon, i Noreg til om lag 15 %.Aksel Foss A, Hagness M, Scholz T (2011) «Levertransplantasjon i Norge» - Kirurgen, nr. 3/11. (vitja 22.11.2012).
Mikrobiologisk laboratoriediagnostikk I dag kan immunserologiske antistoffstestar for anti-HCV og ulike amplifiseringstestar for både kvalitativ og kvantitativ påvising av HCV nyttast til påliteleg mikrobiologisk diagnostikk av hepatitt C, men ingen mikrobiologisk test kan skilja akutt frå kronisk HCV-infeksjon.
Smittevegar HCV smittar stort sett som hepatitt B virus (HBV), altså fyrst og fremst ved blod og blodkontakt. Nysing, hoste, mat, drikke, sams matreiskap som kniv og gaffel eller drikkeglas overfører ikkje smitte.Mast EE, Alter MJ, Margolis HS (1999) «Strategies to prevent and control hepatitis B and C virus infections: a global perspective» - Vaccine, vol. 17, nr. 13-14, s. 1730-1733. PMID: 10194830 (samandrag).
Misbruk I land med god laboratoriemedisinsk standard og restriktive reglar for blodgjeving er dei tidlegare problema med transfusjonsoverført hepatitt C no langt på veg eliminerte. Her er i staden intravenøs misbruk den vanlegaste smittevegen, og sprøytemisbruk er årsak til mellom 40 og 90 % av alle hepatitt C-tilfelle, i Noreg til om lag 70 %.Europeisk overvåkningssenter for narkotika og narkotikamisbruk (2003) «Narkotikasituasjonen i den europeiske union og Noreg» - Kontoret for De europeiske fellesskaps offisielle publikasjoner, Årsrapport:10-11. ISBN: 92-9168-164-4. Vik ISS, Skaug K, Dalgard O, Steen TW, Hoddevik G (2008) «Hepatitt C - et helseproblem også i Norge» - Tidsskr Nor Legeforen., vol. 128, nr. 5, s. 563-566. PMID: 18311199. (pdf)
Nosokomial smitte I fattige utviklingsland med små resursar kan det vera for dyrt å testa alt transfusjonsblod på hepatitt C.Hladik W, Kataaha P, Mermin J, Purdy M, Otekat G, Lackritz E, Alter MJ, Downing R (2006) «Prevalence and screening costs of hepatitis C virus among Ugandan blood donors» - Med Int Health Trop., vol. 11, s. 951-954. PMID: 16772018. (pdf)