Annemarie Lorentzen () var ein norsk politikar for Arbeiderpartiet, fødd i Sør-Varanger i Finnmark.
Utdanning og andre stillingar Annemarie Lorentzen var lærarutdanna og blei tilsett ved Hammerfest realskole i 1947, der ho mellom anna underviste i norsk. I tillegg var ho aktiv ved Hammerfest studiescene, der ho både hadde rolla som Nora i Et dukkehjem.
Stortinget Annemarie Lorentzen vart vald inn på Stortinget for Finnmark i 1969 og vart attvald i 1973. Ho var vararepresentant i periodane 1954-1957 og 1961-1965.
Stortingskomitear 1969–1973: Medlem i Forsvarskomitéen 1969–1973: Varamedlem i Den utvida utanriks- og konstitusjonskomitéen 1969–1973: Varamedlem i Valkomitéen
Regjering 16. oktober 1973–15. januar 1976 Statsråd og sjef for Samferdsledepartementet (samferdsleministrar) i Regjeringa Bratteli I 15. januar 1976–11. januar 1978 Statsråd og sjef for Forbrukar- og administrasjonsdepartementet (forbrukar- og administrasjonsminister) i Regjeringa Nordli
Anna Annemarie Lorentzen var ambassadør på Island i perioden 1978–1985.
Ho var mor til friidrettsutøvarane Harald og Reidar Lorentzen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Annemarie Lorentzen» frå , den 2. mars 2010. oppgav desse kjeldene: Elin og Kåre Bondesen: Nekrolog i Aftenposten 17. juli 2008
Bakgrunnsstoff Stortinget.no - Biografi
Kategori:Norske familie- og forbrukarministrar Kategori:Norske samferdsleministrar Kategori:Ap-statsrådar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Bratteli I Kategori:Statsrådar i Regjeringa Nordli Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Stortingsrepresentantar for Finnmark Kategori:Norske diplomatar Kategori:Folk frå Sør-Varanger Kategori:Norske ambassadørar