Stuley er ei øy aust for South Uist i Ytre Hebridane langs kysten mellom Loch Eynort og Loch Boisdale. Øya er 0,45 km² stor og det høgaste punktet ligg 40 meter over havet.

Geografi og geologi Berggrunnen på øya er intermediær og grunnleggande lewis-gneis med grønaktig farge.Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.

Mellom Stuley og South Uist ligg Stuley Sound. Utanfor austsida ligg tre små holmar - Dubh-Sgeir Mhòr & Dubh-Sgeir Bheag og Glas-Eilean Mòr. Glas-Eilean Beag ligg i vest.

Historie Frå lokale stadnamn som Creag na h-Oraide («preikeklippa» på Stuley) og Creag an t-Sagairt («presteklippa» på South Uist), tyder dette på at øya har ei kyrkjeleg tilknyting, truleg til culdee.

Namnet på øya er av norrønt opphav og tyder «Stulaøya». Stula-namnet finn ein òg att som namnet på eit fjell på South Uist, Stulaval.

Det er aldri registrert busetnad på øya og ho vert i dag nytta som beitemark. Haswell-Smith skriv derimot at spor etter jordbruk og ruinar av sommarfjøs tyder på at øya var eit offer for Highland clearances.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Stuley» frå , den 3. mars 2010. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Øyar i Ytre Hebridane Kategori:Stadnamn av norrønt opphav i Skottland