Barra Head eller Berneray (skotsk-gælisk Ceann Bharraigh eller Beàrnaraigh) er ei øy i Atlanterhavet i øygruppa Ytre Hebridane på vestkysten av Skottland. Barra Head er den sørlegaste av øyane i øygruppa. mini|venstre|Gressvegetasjon og sauer på beite på toppen av ei av klippene på Barra Head Etymologi Namnet Barra Head vart i utgangspunktet berre nytta om det sørlege neset på øya. Berneray kjem frå norrønt, Bjørnøya. For å skilje denne øya frå Berneray nord for North Uist vert øya gjerne på gælisk anten kalla Beàrnaraigh Cheann Bharraigh (Berneray med Barra Head) eller Beàrnaraigh an Easbaig (Biskopens Berneray, jamfør Bishop's Isles som eit anna namn på Barra Isles).

Geografi mini|venstre|Mange fuglar hekkar i dei bratte klippane på sørsida av øya. Barra Head ligg lengst sør av øyane i dei ytre Hebridane. Like nord for Barra Head ligg Mingulay. Aust for øya ligg skjeret Sgeir Mhòr og i vest skjeret Sgeir Chriosnain.

Øya har eit areal på 2,04 km² og det høgaste punktet på øya er Sotan 193 meter over havet. Sørsida av øya er særs bratt, med høge klipper som stupar rett ned i havet. På nordsida er det noko slakare og der ligg òg den einaste landingsplassen for båtar på øya. Det finst machair på øya, men ingen tre.

Øya her ikkje vore busett sidan 1931, men unntak av fyrtårnet som var bemanna fram til 1980.

Fugleliv Øya er kjent for det rike fuglelivet og vart i 1993 verna som ein Site of Special Scientific Interest (Stad av særleg vitskapleg interesse). Sidan 2000 har øya vore eigd av National Trust for Scotland.

Blant fuglane som hekkar på Barra Head er alke og andre alkefuglar, måse, lundefugl, lomvi, krykkje, skarv og havhest. I 1985 vart det berekna at 2 % av alkebestanden i verda hekka her.

Fyr

mini|venstre|Fyret ligg på toppen av ei bratt klippe. Fyret på Barra Head vart vedteke oppretta i 1830. Staden vart vald av fleire årsaker, Barra Head er omtrent halvvegs mellom Eilean Glas og fyret Rinns of Islay på øya Orsay. Øya ligg òg ved den sørlege innseglinga til the Minch. Fyret vart kontstruert av ingeniøren Robert Stevenson og vart første gong tent 15. oktober 1833.

Fyrtårnet ligg vest på Barra Head, på toppen av ei bratt klippe 190 meter over havet. Sjølve fyrbygningen er oppført i kvit stein og er 18 meter høg. Det har ei rekkevidde på 15 nautiske mil. Fyret vart automatisert i 1980 og den siste fyrvaktaren forlet fyret 23. oktober 1980.

Lyset blenkjer med kvitt lys, med intervall på 15. sekund.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Barra Head» frå , den 3. mars 2010. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Øyar i Ytre Hebridane Kategori:Fyr i Skottland Kategori:Site of Special Scientific Interest i Skottland