Northern Isles (tyder «Nordøyane», norrønt Norðreyjar; skotsk-gælisk Na h-Eileanan Tuath; skotsk Northren Isles) er ei øygruppe nord for Skottland.

Gruppa omfattar Shetlandsøyane, Fair Isle og Orknøyane. Stundom vert Stroma òg medrekna, som er ein del av Caithness og som slik høyrer til regionen Highland.

Kultur og politikk Northern Isles vert vanlegvis delte for politiske årsaker, men dei er ein valkrets i Westminster.

På grunn av historia si har øyane ei meir norrøn enn gælisk kulturarv og har historiske band til Færøyane, Island og Noreg. Orknøyane og Shetlandsøyane vart gjeven til Skottland som depositum på medgifta til Margaret av Danmark då ho gifta seg med Jakob III av Skottland i 1469.

Dei har òg ei kulturarv frå piktane og i motsetnad til Færøyane og Island mange førhistoriske ruinar som brochar og steinsirklar, til dømes Jarlshof og Maes Howe.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Northern Isles» frå , den 4. mars 2010.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Øygrupper i Atlanterhavet Kategori:Øyar i Skottland