«Sad-Eyed Lady of the Lowlands» er den siste songen på albumet Blonde on Blonde av Bob Dylan frå 1966.

Med ei lengd på 11:23 minutt inneheld songen fem strofer med surrealistiske poetiske bilete som omhandlar og kjem attende til kvinnepersonen. Songen er i 6/8-takt, men tekstforma er langt frå tradisjonelt. Intonasjonen til Dylan går ofte lenger enn melodien, men aldri ut av han.

Songen er skriven som ein listesong som kjem attande til ei refrenglinje på slutten av kvar strofe. Songen er nesten berre fylt med poetiske symbol, som i den første linja «with your mercury mouth / in the missionary times».

Mange kritikarar har merka seg likskapen mellom 'Lowlands' og 'Lownds', som var pikenamnet til kona til Dylan, Sara, då dei gifta seg.Gray, The Bob Dylan Encyclopedia, 198 Og ikkje minst skreiv han seinare i songen «Sara» på Desire (1976):

Stayin' up for days in the Chelsea Hotel, Writin' «Sad-Eyed Lady of the Lowlands» for you.

Trommeslagar Kenny Buttrey fortel om innspelinga av songen: «[Dylan] gjekk gjennom eit vers og eit refreng og sa, 'Me tar eit vers og eit refreng og så spelar eg litt munnspel, så tar eg eit nytt vers og refreng og litt meir munnspel, og så ser me kvar det går frå der.' Me gjorde oss klare for ein to-tre minuttar lang song, fordi songar på den tida var aldri lengre enn det. Om du høyrer på songen så merkar du at etter det andre refrenget så bygger songen seg kraftig opp fordi me trudde det nærma seg slutten på songen og me gav alt me hadde. Men så sette han i staden i gang ein ny munnspelsolo og gjekk tilbake til eit nytt vers. Etter om lag ti minutt på dette viset heldt me på å sprekke. Me hadde jo gjeve alt me hadde for fem minuttar sidan. Kvar skulle me gå frå her?»Heylin, Bob Dylan: Behind the Shades Revisited, 241

Dylan har aldri spelt songen på konsert.

Medverkande Musikarane som deltok på innsppelinga var: Bob Dylan – vokal, munnspel Hargus «Pig» Robbins – piano Al Kooper – orgel Charlie McCoy – gitar Wayne Moss – gitar Joe South – bass Kenny Buttrey – trommer

Andre utgåver Andre artistar som har spelt denne songen er mellom andre Joan Baez (1968), Steve Howe (1999), Richie Havens (1974) og Phoenix.

Norsk versjon= Ein nynorsk tekst vart skriven til songen av Tom Roger Aadland. Han kalla songen «Sorgsame kvinne ifrå Jæren» og gav han ut på albumet Blondt i blondt i 2016.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sad Eyed Lady of the Lowlands» frå , den 6. mars 2010. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar skrivne av Bob Dylan Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:Songar frå 1966 Kategori:Songar produserte av Bob Johnston Kategori:Jon Anderson-songar Kategori:Joan Baez-songar Kategori:Richie Havens-songar Kategori:Steve Howe-songar Kategori:Phoenix-songar Kategori:Old Crow Medicine Show-songar Kategori:Tom Roger Aadland-songar