«I Threw It All Away» er ein song av Bob Dylan på albumet Nashville Skyline frå 1969. Songen vart gjeven ut som den første singelen frå albumet. Han nådde 85. plass i USA og 30. plass i Storbritannia. Songen vert rekna som ein av dei beste og mest populære frå albumet.
Musikk og tekst «I Threw It All Away» var ein av dei første songane som vart skriven for Nashville Skyline og ein av berre to nye songar som heilt sikkert vart skriven før innspelinga starta (Lay Lady Lay var den andre). Dylan spelte songen for George Harrison og kona hans Patty i november 1968 og Harrison vart visstnok så pass imponert at han lærte seg songen. Det var den andre songen som vart spelt inn for Nashville Skyline, etter «To Be Alone With You», den 13. februar 1969.
«I Threw It All Away» har ein fengande melodi og ein tekst som seier at kjærleik er alt me treng. Det får jorda til å gå rundt. Songen omhandlar tapt kjærleik etter at ein har vore vond og sint. Det har vore spekulasjonar om kven Dylan syng om.
I motsetnad til mange av songane Dylan skriv om mislukka forhold, som «Don't Think Twice, It's All Right», «It Ain't Me, Babe» og «One of Us Must Know (Sooner or Later)», tar Dylan ansvar for brotet i denne songen. Songen er òg tolka som eit portrett av musen til Dylan.
Medverkande Bob Dylan - gitar, vokal Kenneth A. Buttrey - trommer Charlie Daniels - bassgitar Bob Wilson - orgel
Andre utgåver Cher i 1969 på albumet 3614 Jackson Highway George Harrison, på ein bootleg frå 1969, The Beatles Play Bob Dylan Elvis Costello på Kojak Variety frå 1995.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «I Threw It All Away» frå , den 7. mars 2010. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Teksten
Kategori:Songar skrivne av Bob Dylan Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:Singlar frå 1969 Kategori:Songar produserte av Bob Johnston Kategori:Columbia Records-singlar Kategori:Songar frå 1969 Kategori:Cher-songar Kategori:Elvis Costello-songar Kategori:Prairie Oyster-songar Kategori:Scott Walker-songar Kategori:The Beatles-songar Kategori:Yo La Tengo-songar Kategori:Ramblin' Jack Elliott-songar