Mikhális Sifákis () er ein gresk fotballspelar med landskampar for Hellas. Han spelar keeper for Aris Thessaloniki.

Sifákis vart fødd i Iráklio på Kreta og begynte å spela fotball som 9-åring. Den første klubben hans var Atsalénios Iraklíou. I 1999 gjekk han over til klubben OFI Kreta i same byen, der han spelte på B-laget til 2002. I 2002 fekk han sin første proffkontrakt med OFI. Han spelte for dei fram til 2007, då han gjekk på lån til Olympiakos i Pireus. Med dei vann han den greske ligaen og cupen, men han spelte berre to kampar for A-laget. I 2008 vart Sifákis selt til Aris Thessaloniki, der han framleis spelar i 2009-2010-sesongen.

I 2004 kom Sifákis med på det greske U21-landslaget. Han spelte 15 kampar for dei. 14. oktober 2009 fekk han sin første A-landslagskamp for Hellas, då dei slo Luxembourg 2-1 i den siste kampen i gruppespelet i kvalifiseringa til fotball-VM i 2010. I dei to avgjerande kvalifiseringskampane mot Ukraina var Sifákis reservekeeper.

Kjelder Denne artikkelen starta med ei omsetjing frå engelsk wikipedia, 8. mars 2010.

Kategori:Greske fotballspelarar Kategori:OFI Kreta-spelarar Kategori:Olympiakos-spelarar Kategori:Aris Thessaloniki-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012