Golden Hinde er eit fjell i Vancouver-fjella på øya Vancouver i Britisk Columbia. Den 2 197 meter høge fjelltoppen er den høgste på øya. Fjellet ligg nær midten av den 2 450 km² store Strathcona Provincial Park, ved kjeldene på elva Wolf River og vest for vatnet Buttle Lake, om lag 25 km aust for bygda Gold River. Fjelltoppen er eit populært mål for erfarne fjellfolk, og vart kliven fyrste gongen i 1913 eller -14. Fjellgrunnen består av basalt og er del av Karmutsen-formasjonen.Geology of Strathcona Park - The Volcanic Flood . Henta 24.11.2007

Fjellet, som er synleg frå vestkysten av øya, er oppkalla etter Francis Drake sitt skip «Golden Hind». Ein skipper som dreiv pelshandel såg for seg Drake sitt skip i det dei siste solstrålane lyste opp fjellet. Jordomseglaren Drake skal ha vore opp under kysten av det seinare Britisk Columbia på jordomseglinga si, 1577-80. Namnet vart fyrst offisielt godkjent i 1938, etter det var vist til loggboka til ein pelshandlar. Det alternative namnet «The Rooster's Comb» vart nytta av dei tidlege fjellklivarane grunna utsjånaden til fjellet. Akrigg, G.P.V. and Helen Akrigg. "Golden Hinde." British Columbia Place Names. Vancouver: UBC Press, 1997. 94.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Golden Hinde» frå , den 8. mars 2010.

Kategori:Fjell i British Columbia Kategori:Stader kalla opp etter skip