Ulsteindalen Kraftverk er eit vasskraftverk i Ulsteindalen i Ulstein kommune i Møre og Romsdal.

Kraftverket utnyttar eit fall på 196 meter i Ulsteinelva. Reguleringsmagasin er Litlevatnet som vert regulert mellom 311 og 306 moh og Mosvatnet som vert regulert mellom 458 og 454 moh.og Tjeldstjenna.

Midlare årsproduksjon er på 5 GWh og installert effekt er på 1,3 MW. Kraftverket vart sett i drift i 1917, men ein ny kraftstasjon vart bygd ved sidan av den gamle i 2000

Eigar er Tussa Energi AS.

Kjelder Tussa NVE

Kategori:Kraftverk i Møre og Romsdal Kategori:Ulstein kommune Kategori:Tussa