Anders Elias Bratholm () var ein norsk jurist.
Bratholm var fødd utanfor ekteskap i Oslo, og vart bortadoptert til eit ektepar frå Borgund (i dagens Ålesund). Familien budde i Borgund nokre år, før han flytta til Jeløya i Moss.
Bratholm var redaktør av Dagningen frå 1945 til 1947. Han vart Dr.juris i 1958 og var professor i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo frå 1960 til 1990.
Anders Bratholm har vore formann i Straffelovkommisjonen og medlem av fleire offentlege utval. Han var redaktør av det juridiske tidsskriftet Lov og Rett frå 1962 til 1990.
Bøker 1957 Pågripelse og varetektsfengsel (doktoravhandling) 1973 Sivil rettergang skrive saman med Jo Hov 1980 Strafferett og samfunn 1983 (1.utg.)/ 1990 (2.utg) Spesiell strafferett skrive saman med Johs. Andenæs 1986 Politivold. Omfang - årsaker - forebyggelse 1991 Straffeloven I skrive saman med Magnus Matningsdal 2008 Anders Bratholm, Ståle Eskeland - «Justismord og rettssikkerhet» - 287 sider - ISBN 978-82-15-01149-3
Prisar og utmerkingar 1986 Fritt Ords honnør 1990 Human-Etisk Forbund: Humanistprisen
Bakgrunnsstoff
Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Norske jusprofessorar Kategori:Folk frå Oslo kategori:Mottakarar av Fritt Ords honnør Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi