mini|Gertrude av Nivelles, avbilda i Östra Sönnarslövs kyrkje i Kristianstad Gjertrudsmesse, gjertrudsdagen eller byrkjedøgra den 17. mars er ein merkedag som opphavleg vart feira til minne om heilage Gjertrud, som levde på 600-talet som dotter til kong Pipin den eldre og var abbedisse i Belgia.

Primstavmerket for dagen er ei pil, ein kross eller ei grein.

Etter norsk folketradisjon byrja bjørkesevja å stige denne dagen. Sju veker seinare ville bjørka ha lauv.

Ei anna overlevering fortel at det gjerne var storm og uvêr denne dagen. I Solør sa ein om Gudmunds-dagen 16. mars at om det snødde då skulle Gudmund «legge rågån på kornkarrene». Om det framleis snødde dagen etter skulle Gjertrud «sope rågån av kornkarrene».

Kjelder

Randi Ekrem (1992): Primstaven : Tradisjonar og merkedagar ISBN 82-992691-0-5

Kategori:Primstaven Kategori:Månaden mars

de:Gertrud von Nivelles#Gedenktag