Piz Kesch (tysk) eller Piz d'Es-cha (retoromansk) er ein 3 418 meter høg fjelltopp i Albulafjella i Dei rätiske Alpane i Sveits. Fjellet er det høgste i Albulafjella.

Geografi Piz Kesch er del av ei fjellkjede i dei søraustlege alpefjella i Sveits som er skilje mellom nedslagsfelta til Rhinen (Nordsjøen) og Donau (Svartehavet). Det er òg den høgste fjelltoppen i Aust-Alpane som ligg nord for elva Inn. På nordsida av fjellet ligg isbreen Porchabella.

Vest for Piz Kesch ligg Albulapasset (Pass d'Alvra på retoromansk); mot nord leier dalen der Davos ligg, og i sør ligg Oberengadin. Landsbyen Madulain i Engadin ligg ved foten av Piz Kesch.

Den tårnforma toppen av Piz Kesch vart kliven fyrste gongen 7. september 1846 av C. Casper, Johann Coaz, J. Rascher og J. R. Tscharner.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Piz Kesch» frå , den 14. mars 2010.

Bakgrunnsstoff Piz Kesch på SummitPost

Kesch Kesch Kesch Kategori:Engadin