Piz Mitgel er eit 3 159 meter høgt fjell i kantonen Graubünden i Sveits. Fjellet ligg i fjellkjeda Albulafjella. Fjelltoppen ligg nord for Savognin og utgjer saman med Piz Ela og Tinzenhorn den såkalla Bergüner Stöcken, ei undergruppe av Albulafjella. Piz Mitgel skil dalen Albulatal i nord frå Oberhalbstein i sør.
Fyrstebestiginga av Piz Mitgel fann stad på den sveitsiske nasjonaldagen i 1867. Briten Douglas Freshfield hadde fylgje med dei to brørne F. og H. Devouassoud på turen. Fjellhytta Elahütte er eit vanleg utgangspunkt for ein topptur. Normalruta er sikra med ståltau, og krev lett klatring.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Piz Mitgel» frå , den 14. mars 2010.
Bakgrunnsstoff Liste over fjell over 2000 m i Sveits med koordinatar
Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Graubünden