Melchior Anderegg () frå Zaun i Meiringen, var ein sveitsisk fjellførar og fyrstebestigar av mange høge fjelltoppar i Vest-Alpane i tida 1858-68. Oppdragsgjevarane hans var i hovudsak britar, den mest kjende av dei var Leslie Stephen. Anderegg klatra elles ofte med personar frå Walker-familien, her under Horace Walker og Lucy Walker, og med Florence Grove. Jakob Anderegg var syskenbarnet hans. mini|venstre|Edward Whymper sitt stikk av Melchior Anderegg (1864) mini|Portrett av 66-åringen Melchior Anderegg (etter foto av C. Myles Mathews) Fyrstebestigingar Wildstrubel 3243 m (Bern-Alpane), 11. september 1858 Rimpfischhorn 4199 m (Wallis-Alpane), 9. september 1859 Alphubel 4206 m (Wallis-Alpane), 9. august 1860 Blüemlisalp 3664 m (Bern-Alpane), 27. august 1860 Monte Disgrazia 3678 m (Bregagliafjella), 23. august 1862 Dent d'Hérens 4171 m (Wallis-Alpane), 12. august 1863 Parrotspitze 4432 m (Wallis-Alpane), 16. august 1863 Balmhorn 3698 m (Bern-Alpane), 21. juli 1864 Zinalrothorn 4221 m (Wallis-Alpane), 22. august 1864 Grandes Jorasses 4208 m (Mont Blanc-massivet), 30. juni 1868
Andre minneverdige klatreturar Mont Blanc 4809 m via Bosses du Dromedaire (1859) Mont Blanc via Dôme du Goûter (1861) Solotur opp fjellryggen Zmuttgrat på Matterhorn (Wallis-Alpane) (1863) Mont Blanc via Brenva-veggen (1865) Vintertravers av Finsteraarhorn 4273 m (Bern-Alpane) (1866) Civetta 3220 m (Dolomittane) (1867) Vinterbestiging av Plattenhörner (1869) Fyrste vinterkliving av Galenstock 3586 m (Uri-Alpane) (1877)
Treskjerar Anderegg var også treskjerar og hadde ein butikk i Zermatt som selde utskjeringane hans (av mellom anna bjørnar, grupper av gems, og ørner). Andre salsprodukt var fotografi av alle dei store fjelltoppane kring om Zermatt.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Melchior Anderegg» frå , den 16. mars 2010.
Kategori:Sveitsiske fjellklatrarar