Einar Sagstuen () er ein norsk tidlegare langrennsløpar frå Gjøvik. Han vann ein olympisk sølvmedalje i langrenn under vinter-OL 1976 i Innsbruck. Sagstuen gjekk då andre etappen på det norskestafettlaget som kom på andre plass på 4 x 10 km stafett, bak Finland. Dei hine på laget var Pål Tyldum, Ivar Formo og Odd Martinsen.
Sagstuen fekk med seg to NM-medaljar, eit sølv og ein bronse. Beste individuelle tevlinga på internasjonalt nivå stod han for på femmila i Holmenkollen i 1974.
Besteplasseringar i internasjonale renn og verdscuprenn 1972: Nr 11 på 30 km i Lycksele i Svenska skidspelen 1973: Nr 13 på 50 km i Holmenkollen 1974: Nr 7 på 50 km i Holmenkollen 1975: Nr 12 på 50 km i Holmenkollen 1976: Nr 12 på 50 km i Holmenkollen 1977: Nr 11 på 50 km i Lahti
Medaljar og besteplasseringar i norgesmeisterskap Ski-NM 1974: Nr 5 på 15 km i Selbu Ski-NM 1975: Sølvmedalje på 30 km i Heddal Ski-NM 1976: Bronsemedalje på 50 km på Oppdal Ski-NM 1977: Nr 6 på 15 km på Vang
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Kategori:Norske langrennsløparar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1976 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1976 Kategori:Folk frå Gjøvik