Espen Bjervig () er ein norsk idrettsleiar og tidlegare langrennsløpar som tevla på norsk toppnivå i perioden frå 1995 til 2004. Han var med på det norske stafettlaget som vann sølv på 4 x 10 kilometer stafett under Ski-VM 1999 i Ramsau i Austerrike.

Aktiv skirennar Bjervig debuterte i verdscupen på femmila i Holmenkollen i 1995. I dei få tevlingane han deltok i fram til 1998-sesongen hamna han alltid langt nede på resultatlista. Sesongen 1998/99 var han i sitt livs form, og vann sin einaste siger i verdenscupen då han gjekk til topps på 15 km klassisk i januar 1999 i Otepää i Estland. Bjervig deltok same sesongen i sitt einaste internasjonale meisterskap, VM 1999. Han gjekk då fyrsteetappen på det norske stafettlaget som tok sølv etter å ha tapt innspurten mot Austerrike. Hans beste individuelle resultat i meisterskapet var ein åttandeplass på 10 km klassisk.

I verdscupen stod Bjervig på pallen fem gongar; 1-3-1. Alle pallplasseringane kom i 1999 og i 2000-sesongane. Desse to sesongane høyrde han med i verdseliten i langrenn.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og verdscuprenn 1999: Sølvmedalje på VM-stafetten i Ramsau. Siger på 15 km i verdscupen i Otepää 1999/2000: Nr 2 på 30 km i verdscupen i Davos 2000/1: Nr 11 på 15 km på Beitostølen 2001/2: Nr 6 på 10 km i Cogne

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1995: Nr 10 på 30 km i Oslo Ski-NM 1996: Nr 7 på jaktstarten i Stryn Ski-NM 1997: Nr 9 på 50 km i Mo i Rana Ski-NM 1998: Nr 7 på 30 km i Berkåk Ski-NM 1999: Bronsemedalje på 10 km i Skrautvål Ski-NM 2000: Nr 6 på 10 km i Vang Ski-NM 2001: Nr 9 på 10 km i Steinkjer Ski-NM 2002: Bronsemedalje på 30 km i Høydalsmo Ski-NM 2003: Nr 4 på 30 km i Molde

Idrettsleiar Bjervig har vore tilsett i Norges Skiforbund i mange år, frå 2019 er han landslagsjef for langrenn.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff Espen Bjervig i fis-ski.com

Kategori:Norske langrennsløparar