Sigrid Terese Moldestad () er ein norsk folkemusikar som spelar fele og hardingfele, og syng. Musikken hennar har rot i den vestnorske folkemusikktradisjon, men har samtidig eit eige uttrykk der moderne arrangement og rytmar er viktig.

Bakgrunn Sigrid Moldestad gjekk på Firda vidaregåande skule frå 1988 til 1991, og er utdanna ved Ole Bull Akademiet (1996–1998). Moldestad arbeidde som programmedarbeidar i NRK Sogn og Fjordane og NRK P3 mellom 1993 og 1999. Ho vart frilansmusikar på fulltid i 2000, og hadde Statens arbeidsstipend for yngre folkekunstnarar i 2001 og 2002.

Samarbeidsprosjekt Sigrid Moldestad spela saman med Håkon Høgemo og Einar Mjølsnes i Gamaltnymalt, som fekk Spellemannprisen 2005 i klassen folkemusikk/gammaldans for debutplata Gamaltnymalt.

Moldestad spelar i duoen Spindel saman med Liv Merete Kroken og bandet deira, der Ivar Kolve, Olav Tveitane og Dagfinn Andersen også er med. Dei har gjeve ut platene Spindel og Aminje. Spindel var med Christine Guldbrandsen under Eurovision Song Contest 2006.

Saman med Kroken og Unni Løvlid utgjer ho scene- og kabarettrioen Fjøgl. Ho har også vore songsolist på oppsetningar med Breimskoret, mellom anna som Édith Piaf.

Soloprosjekt Sigrid Moldestad vann Spellemannprisen 2007 i klassen folkemusikk/gammaldans, for plata Taus, som var basert på musikken til felespelarar frå Nordfjord og Sunnmøre. I 2008 fekk ho kulturprisen til Gloppen kommune. I 2010 gav ho ut plata Sandkorn. I 2010 fekk Moldestad Fylkeskulturprisen.

Diskografi Brevet til kjærleiken (Heilo 2014) Himlen har sove bort mørkret (Heilo 2012) Sandkorn (Heilo 2010) Taus (Heilo 2007) Gamaltnymalt (NorCD 2005) (med Håkon Høgemo og Einar Mjølsnes) Aminje (Grappa 2005) (duo med Liv Merete Kroken) Spindel (Grappa 2001) (duo med Liv Merete Kroken)

Kjelder

Sigrid Moldestad på Wikipedia på bokmål og riksmål, innhenta 20. mars 2010. Sigrid Terese Moldestad i Allkunne, innhenta 20. mars 2010. Sigrid Moldestad si heimeside Sogn og Fjordane fylkeskommune: Fylkeskulturprisen

Bakgrunnsstoff Nettstaden til Spindel Om Gamaltnymalt hjå NORCD

Kategori:Norske folkemusikarar Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen Kategori:Folk frå Gloppen Kategori:Kvinner frå Sogn og Fjordane