Stroma er ei utanfor nordkysten av Skottland. Ho er den sørlegaste av to øyar i Pentland Firth mellom Orknøyane og Caithness. Ho høyrer til Caithness (i dag i regionen Highland), medan naboøya Swona i nord høyrer til Orknøyane. Namnet har norrønt opphav og tyder «Straumøy». Det står eit fyr nord på øya for åtvare skip om dei sterke tidvasstraumane og malstraumane i området. Øya var ein gong busett, men er i dag folketom.

Stroma er om lag 3,5 km lang og 1,5 km brei. Det høgaste punktet på øya er Cairn Hill på 53 meter over havet.

Busetnad venstre|mini|Kvelvet og dueslag på Stroma

Tidlegare hadde Stroma rundt 550 innbyggjarar, men i 1901 hadde dette falle til rundt 375. Folketalet heldt fram å falle utover 1900-talet og dei siste to familiane forlet øya i 1962.

I dag finst mange forfalne hus på øya. Midt på øya står ei kyrkje og eit klokketårn. I dag vert øya nytta til sauehald.

Farlege straumar mini|The Gloup på Stroma

Øya ligg midt i dei kraftige tidvasstraumane i Pentland Firth. Straumen på nordsida av øya vert kalla The Swilkie, og kan verte særleg kraftig. Ein malstraum med same namn i denne straumen vart i følgje ei vikingsegn skapt av havkongen Mysing. Han stal ei magisk handkvern frå kong Frode, men landområdet til Mysing sokk i havet nær Stroma på grunn av vekta til kverna. Kverna kvernar derimot enno salt på botn av havet og skapar malstraumen på overflata og gjer at havet er salt.The Masks of Odin av Elsa-Brita Titchenell, Kapittel 20 Grottasongr - 'The Song of the Mill'.

Det finst om lag seksti kjende skipsvrak rundt Stroma. Det siste forliset var den danske lastebåten «Bettina Danica» som forliste i 1994.Caithness.org archive Ingen liv gjekk tapt i forliset.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Stroma, Scotland» frå , den 22. mars 2010. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Stroma Flyfoto av Stroma

Kategori:Site of Special Scientific Interest i Skottland Kategori:Øyar i Skottland Kategori:Stadnamn av norrønt opphav i Skottland