Forewick Holm (òg kalla Forvik Island) er ei lita øy i Sound of Papa i Shetlandsøyane i Skottland mellom Papa Stour og Sandnesshalvøya.
Plassering Øya ligg om lag 200 meter sør for neset Forewick Ness på Papa Stour og 1,5 km nord for Melby på Sandnesshalvøya.
Den vesle holmen Scarf's Head er landfast med Forewick Holm ved lågvatn.
Namn Øya heiter offisielt Forewick Holm men eigaren Stuart Hill gav ho namnet Forvik Island, som på norsk tyder «sauevik-øya». Wick er ei anglisering av vik.
Historie Ein kjenner ikkje til at det har vore permanent busetnad på øya nokon gong, noko storleiken på berre 1 hektar har gjort sitt til. Det er likevel spor etter ein sirkelforma konstruksjon heilt søraust på øya, som kan vere alt frå ein saueinnhegning til ein bygning frå piktisk tid.
SS «Highcliffe» forliste ved øya den 6. februar 1940. Skipet og lasta vart øydelagd, men ingen liv gjekk tapt."Highcliffe" Shetlopedia. Henta 24. mars 2010.
21. juni 2008 erklærte Stuart Hill at Forvik skulle vera ein britisk kronkoloni og dermed ein uavhengig administrasjon, ei av dei britiske øyane, utan å vera del av Storbritannia eller EU.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Forewick Holm» frå , den 24. mars 2010. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff www.forvik.com. Forvik Island på Shetlopedia. Stuart Hill erklærer sjølvstende frå Shetland News
Kategori:Øyar i Shetlandsøyane Kategori:Stadnamn av norrønt opphav i Skottland