Huney er ei folketom øy aust for øya Unst i Shetlandsøyane i Skottland. Ho ligg om lag 1 km sørvest for Balta og har eit areal på berre 0,2 km². Når lågvatnet er særs lågt er Huney landfast med Unst via ein sanddekt tombolo kalla Yei of Huney. venstre|mini|Huney frå Unst Under den første verdskrigen sokk den britiske ubåten HMS «E49» i sundet mellom Hunsey og Balta og alle mann gjekk tapt. Dette skjedde 12. mars 1917. Ubåten var på veg ut Balta Sound på patrulje då ho trefte ei sjømine lagt ut av den tyske ubåten SM «UC-76». Vraket har status som ei krigsgrav.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Huney» frå , den 24. mars 2010. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Øyar i Shetlandsøyane Kategori:Stadnamn av norrønt opphav i Skottland Kategori:Tidvassøyar i Skottland