Margrethe II () var dronning av Danmark frå 14. januar 1972 til 14. januar 2024. Fram til 1944 var ho også prinsesse av Island. I juli 2023 blei dronninga den lengst regjerande monarken i dansk historie. I nyttårstalen sin 31. desember 2023 meldlte dronning Margrethe II at ho ville abdisera den 14. januar 2024, og la sonen, kronprins Frederik, overta som monark.
Liv Prinsesse Margrethe Alexandrine Þórhildur Ingrid blei fødd i 1940, like etter at tyske styrkar hadde invadert Danmark. Ho hadde to systrer, prinsesse Benedikte og seinare eksdronning Anne Marie av Hellas.Paaske, Emma Rønberg; Jespersen, Knud J.V.: Margrethe 2. - dronning af Danmark i Den Store Danske på lex.dk. Henta 14. januar 2024. Åra gjekk, utan at foreldra, kronprins Frederik og kronprinsesse Ingrid, fekk ein son som kunne vera tronarving. Den yngre broren til kongen, Knud, var arveprins, og etter han den eldste sonen hans, Ingolf.
I ein del år hadde Folketinget vurdert å endra den danske grunnlova, men hadde late det bli med tanken, ettersom ei endring kravde at 45 % av folket med stemmerett skulle stemma for henne. Statsminister Erik Eriksen fekk idéen om å ta kvinneleg arvefølgje med i endringa, slik at fleire ville røysta for. Sjølv om stort sett heile Folketinget var for endringa, og trass i den store populariteten til kongehuset, blei endringa berre såvidt vedteken, med 46 % deltaking. Tronfølgjelova av 1953 førte til at prinsesse Margrethe blei den første i arvefølgja.
Margrethe II høyrer til fyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg.
Mellom ordenane hennar høyrer også Storkrossen med kjede av St. Olavs Orden med.
Titlar 1940–1944: Prinsesse Margrethe Alexandrine Þórhildur Ingrid av Danmark og Island 1944–1972: Prinsesse Margrethe Alexandrine Þórhildur Ingrid av Danmark 1972– : Dronning Margrethe Alexandrine Þórhildur Ingrid II av Danmark
Galleri
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Danske regentar Kategori:Regjerande dronningar Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Elefantordenen Kategori:Dannebrogordenen Kategori:Huset Glücksburg Kategori:Danske prinsesser Kategori:Islandske prinsesser Kategori:Danske monarkar Kategori:Danske dronningar Kategori:Kongelege frå København