Aqualate Mere er den største naturlege innsjøen i Midlands i England, og vert forvalta av nasjonalt naturreservat (NNR) av Natural England.English Nature om Aqualate Mere Innsjøen er restane etter den førhistoriske Lake Lapworth. Namnet kjem frå angelsaksisk Āc-gelād som tyder 'eikelund'.

Aqualate ligg i soknet Stafford i Staffordshire i England, om lag 2 km aust for kjøpstaden Newport i Shropshire.

Innsjøen er 1,5 km lang og 500 meter brei og er særs grunn. Ingen stader er djupare enn éin meter. Aqualate Mere er eit døme på eit eskersystem (sjeldan i the Midlands) danna av smeltevatnet etter isbrear under den siste istida for om lag 50 000 år sidan. Senkinga som innsjøen ligg i trur ein er ei jettegryte og det høgare landskapet rundt innsjøen består av sand- og grusavleiringar frå isbreen.

Innsjøen har eit rikt fiske- og fugleliv, med mange overvintrande fuglevilt og hekkande storspove og dobbeltbekkasin. Landområdet rundt innsjøen er òg viktig både botanisk og zoologisk. Her finn ein ilder, vånd, dvergmus og flaggermus som dvergflaggermus, vassflaggermus, børsteflaggermus, skogflaggermus og skjeggflaggermus.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Aqualate Mere» frå , den 27. mars 2010. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Innsjøar i England Kategori:Geografi i Staffordshire