Valerij Ivanovitsj Jakobi () var ein russisk målar. Han var ein eldre bror av etnografen og den revolusjonære Pavel Jacobi.
Liv og gjerning Valerij Jakobi vart fødd i landbyen Kudrjakovo i Kazan-guvernementet, der faren var godseigar. Han studerte ved universitetet i Kazan, men braut av studiane for å verve seg til den russiske hæren under Krimkrigen. I 1856, etter å ha vorte dimittert frå hæren, bestemte han seg for ikkje å take opp att studiane. Han valde i staden å satse på eit liv som kunstnar.
Åra 1856-61 studerte Jakobi ved St. Petersburgs kunstakademi. Han oppnådde ein gullmedalje for måleriet Fredfull fridag for ein tiggar (1860). I 1861 måla han det som truleg er hans mest minneverdige måleri; Fangar på stoppeplass. Perioden 1861-69 la Jacobi ut på fleire reiser til Europa med eit stipend frå kunstakademiet. Han vitja både Tyskland, Sveits, Frankrike og Italia.
I 1870 var Jacobi med på å stifte kunstnarforeininga Peredvizjnikij. Men to år seinare vart han ekskludert for ikkje å ha delteke på ei utstilling som foreininga heldt, og for grunnleggjande brot mot ideala som foreininga var tufta på. Seinare vart han oppfatta som ein konservativ målar, skeptisk til Peredvizjnikij-ideane.
Jakobi var medlem av St. Petersburgs kunstakademi frå 1868, professor frå 1871. Han underviste ved akademiet i perioden 1878-89. Mesteparten av tida budde han i St. Petersburg og laga historiske måleri som Narrar ved Anna Joanovnas hoff (1872), Ishuset (1878). Verka hans vart kritisert for å vere reint dekorative, heilt utan kjerne og innhald.
Jakobi døydde i Nice i 1902.
Verk
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Valerij Jacobi» frå , den 28. mars 2010.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Russiske målarar Kategori:Peredvizjniki Kategori:Målarar frå 1800-talet