Orchardleigh Lake (òg skrive Orchardlea) er ein 11 hektar stor kunstig innsjø like nord for Frome i Somerset i England. Han vart laga då ein demde opp ei av sideelvane til Frome. I dag vert innsjøen nytta til sportsfiske, og fuglekikking.

Det ligg ei lita øy på vestsida av innsjøen der St Mary's Church ligg. Kyrkja vart bygd på 1200-talet og vart kraftig renovert av Sir George Gilbert Scott, for W. A. Duckworth, i 1878. Kyrkja er i dag freda. Det vert ofte halde bryllaup i kyrkja. Det går ei gangbru over til øya frå fastlandet.

Det er i røynda to innsjøar ved Orchardleigh. Den minste innsjøen inneheld øya med kyrkja og ein langt større innsjø ligg 150 meter gjennom eit lite skogområde.

Det er ein del sjøfugl å sjå ved innsjøen, mellom anna dvergdykkar, toppdykkar og knoppsvane, samt overvintrande toppand og taffeland.

Galleri

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Orchardleigh Lake» frå , den 28. mars 2010. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Geografi i Somerset Kategori:Innsjøar i England