Bassenthwaite Lake er ein av dei største innsjøane i Lake District i England. Han er lang og smal, om lag 6,4 km lang og 1,3 km brei, men særs grunn, på det djupaste berre 21 meter.

Han er den einaste innsjøen i Lake District som har ordet lake i namnet. Elva Derwent renn gjennom innsjøen. Innsjøen ligg ved foten av Skiddaw, nær byen Keswick.

mini|venstre|Sørenden av Bassenthwaite Lake

Vegen A66 går om lag frå nord til sør langs vestsida av innsjøen. Møteplassane langs vegen er populære stoppestader for fotografar og fuglekikkarar som ser etter fiskeørn.

Opphav Som dei andre innsjøane i Lake District har Bassenthwaite Lake oppstått i ein bredal etter den siste istida. Vatnet frå Bassenthwaite Lake renn vidare til Derwent Water via Derwent, som renn 4,5 km mellom dei to innsjøane.

Biologisk mangfald Tilsigsområdet til innsjøen er eit av dei største i Lake District.

Innsjøen inneheld laks, aure, gjedde, åbor, ørekyte, gullbust, hork og ål, men den dominerande arten er mort, som ein trur vart sett ut i innsjøen. Her finst òg haustsik, som ein av berre to stader i England. Skarv er observert ved innsjøen, og ein kan òg sjå hegre. Sidan 2001 har fiskeørn hekka regelmessig ved innsjøen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bassenthwaite Lake» frå , den 29. mars 2010. oppgav desse kjeldene: A Topographical Dictionary of England (1848)

Bakgrunnsstoff Bassenthewaite på VisitCumbria Bassenthwaite Restoration Project

Kategori:Lake District Kategori:Innsjøar i Cumbria Kategori:Naturreservat i England Kategori:Site of Special Scientific Interest i England