Det tysk-romerske riket, offisielt Det heilage romerske riket av tysk nasjon (tysk Heiliges Römisches Reich deutscher Nation, fork. HRR), var eit tysk imperium som oppstod frå det karolingiske Austfrankarriket på 900-talet og vara fram til 1806 under napoleonskrigane. På norsk er riket vanlegvis referert til som Det tysk-romerske riket. I Tyskland vert det gjerne kalla «Det gamle riket» (i motsetnad til det nye).
Med kroninga av frankarkongen Karl den store til keisar av pave Leo III i Roma 25. desember 800 vart sambandet knytt til det gamle romerske keisarriket. Etter å ha gått delvis i oppløysning vart riket gjenoppretta av Otto den store i 962.
I 1254 vart for fyrste gong namnet Sacrum Imperium Romanum ('Det heilage romerske riket') nytta, eit namn som understreka motsetninga til det tidlegare heidenske romarriket, men gav òg ei sakral grunngjeving for tyske herskarar sitt overherredøme over «Kveldlandet» (Abendland, den vestlege verda). Tillegget «av den tyske nasjon» (Nationis Germanicae) oppstod i seinmellomalderen. Fram til 1806 var Tyskland sitt offisielle namn Heiliges Römisches Reich deutscher Nation.
Då Napoleon Bonaparte kom til makta i Frankrike invaderte han Tyskland. Invasjonen førte til ein okkupasjon av ein stor del av dei keisarlege landområda. Det tysk-romerske riket fall etter kvart saman. Keisar Franz II la i 1806 ned krona som tysk-romersk keisar. Samstundes utropte han seg til keisar av Austerrike. På Wienerkongressen etter sigeren over Frankrike slutta dei tyske statane seg igjen saman i Det tyske forbundet (Deutscher Bund).
Områda riket dekte over varierte gjennom historia, men på det største dekte det dagens Tyskland, Austerrike, Sveits, Liechtenstein, Luxembourg, Tsjekkia, Slovenia, Belgia og Nederland, i tillegg til store delar av dagens Polen, Frankrike og Italia. Gjennom heile historia var Riket delt opp i hundrevis av mindre kongedøme, fyrstedøme, hertugdøme, grevskap, frie keisarbyar og andre einingar.
Nomenklatur
Det tysk-romerske riket gjenoppliva på mange måtar arva etter Vestromarriket som enda då Romulus Augustulus abdiserte i 476. Sjølv om pave Leo III krona Karl den store som Imperator Augustus den 25. desember 800, og son hans Ludvig den fromme òg vart krona til keisar av paven, vart Riket og keisarembete formalisert først nokre tiår seinare, stort sett sidan frankarane ofte brukte å dele riket sitt mellom arvingane etter at herskaren døydde. Ludvig I krona først seg sjølv då faren døydde i 814, men i 816 vitja pave Stefan V, som etterfølgde Leo III, Reims og krona Ludvig på nytt. På denne måten styrkte keisaren pavedømet ved at han gav paven oppgåva med å krone keisarane.
Namna som vart nytta om Riket varierte stort gjennom hundreåra. Romarriket vart nytta i 1034 om landområda under Konrad II og Det heilage riket i 1157. Romersk keisar vart nytta tidlegare om dei nordeuropeiske herskarane frå og med Otto II (keisar 973–983). Keisarane frå Karl den store (keisar 800–814) til Otto den store (keisar 962–973) nytta ein berre Imperator Augustus (både med og utan «romersk»). Namnet Det tysk-romerske riket (tysk Heiliges Römisches Reich latin Sacrum Romanum Imperium) vart nytta frå 1254 og den siste utgåva, Det heilage romerske riket av tysk nasjon (tysk Heiliges Römisches Reich deutscher Nation) vart nytta frå 1512 etter fleire variasjonar seint på 1400-talet.På andre språk vart riket kalla: Tsjekkisk Svatá říše římská, seinare Svatá říše římská národa německého; nederlandsk: Heilige Roomse Rijk, seinare Heilige Roomse Rijk der Duitse Naties/Volkeren; fransk Saint Empire Romain Germanique; italiensk Sacro Romano Impero; slovensk Sveto rimsko cesarstvo, seinare Sveto rimsko cesarstvo nemške narodnosti
Institusjonar Frå høgmellomalderen og framover kjempa riket stadig med dei mange lokale hertugane som prøvde å ta makta for seg sjølv. I mykje større grad enn i andre kongedøme i mellomalderen som Frankrike og England klarte ikkje keisarane å ha mykje kontroll over landområde dei formelt eigde. For å sikre at dei ikkje vart avsette vart keisarane tvungen til å gje meir og meir sjølvstyre til dei lokale herskarane, både adelen og biskopane. Denne prosessen byrja på 1000-talet med investiturstriden og enda meir eller mindre i 1648 med freden i Westfalen. Fleire keisarar prøvde å stoppe den stadige spreiinga av makta deira, men vart hindra av pavedømet og fyrstane i riket.
Konge av romarane
mini|Keisarkrona til Det tysk-romerske riket (Andre halvdel av 900-talet) står i dag i Schatzkammer i Wien
Ein føreståande keisar måtte først veljast til konge av romarane (Rex romanorum/römischer König). Kongar hadde vorte vald sidan uminneleg tid: På 800-talet av leiarane av dei fem viktigaste stammene (saliske frankarar frå Lorraine, ripariske frankarar frå Franken, og saksarane, bayrarar og schwabarar), seinare av dei viktigaste hertugane og biskopane i kongedømet og til slutt av dei såkalla kurfyrstane. Desse valkomitéane vart formelt oppretta i 1356 av Karl IV, kongen av Böhmen gjennom ein resolusjon kalla Den gylne bullen. I starten var det sju kurfyrstar: pfalzgreven av Rhinen, kongen av Böhmen, hertugen av Sachsen, markgreven av Brandenburg og erkebiskopane av Köln, Mainz og Trier. Under trettiårskrigen fekk hertugen av Bayern stemmerett som den åttande kurfyrsten. Ein kandidat til keisarkrona måtte landområde eller pengar til kurfyrstane for å sikre seg stemma deira.
I mange tilfelle tok dette fleire år medan kongen var opptatt med andre oppgåver. Ofte måtte han først løyse stridane i det opprørske Nord-Italia, eller var sjølv i krangel med paven. Seinare keisarar lét vere å la seg krone av paven og slo seg til ro med tittelen utvald keisar. Den siste keisaren som vart krona av paven var Karl V i 1530.
Keisaren måtte vere ein god mann over 18 år. Alle fire besteforeldra hans burde vere av adelsslekt. Det var ingen lover som sa at han skulle vere katolikk, men keisarlova antok at han var. Han trengde ikkje vere tyskar (Karl V og Alfonso av Castille var ikkje, og Henrik VIII av England var ein kandidat til krona i 1519). Frå 1600-talet hadde kandidatane stort sett eigedomar innanfor Riket. Ludvig XIV, kongen av Frankrike, lét Alsace-Lorraine, eit område som då nyleg hadde vorte fransk, vere ein del av riket slik at han kunne verte ein kandidat til trona.
Keisaren kunne aldri utstede ein resolusjon og styre over Riket på eige hand. Makta hans var kraftig avgrensa av dei mange lokale herskarane og frå seint på 1400-talet vart Reichstag oppretta som eit lovgjevande organ i Riket. Dette var ei komplisert forsamling som berre kom saman då keiaren kravde det og på forskjellige stader frå gong til gong. Først etter 1663 vart Reichstag ei permanent forsamling.
Keisaren sine landområde Ei eining vart rekna som Reichsstand (keisarleg land) om det ifølgje dei føydale lovene ikkje hadde andre styresmakter over seg enn keisaren sjølv. Desse områda var:
Område styr av ein fyrste eller hertug, og i nokre tilfelle kongar. (Herskarar i Det tysk-romerske riket, bortsett frå kongane av Böhmen (ein kurfyrste) kunne ikkje verte konge i Riket, men enkelte hadde kongedømet utanfor Riket, som til dømes med Kongedømet Storbritannia der herskaren òg var kyrfyrste av Hannover frå 1714 til Riket vart oppløyst.) Føydale område styrt av ein høg geistleg, som då vart rekna som ein fyrste av kyrkja. I nokre tilfelle med fyrstbiskopar overlappa området (kalla fyrstbiskopdøme) det ofte større bispedømet hans slik at biskopen både fekk geistleg og politisk makt. Døme på dette var dei tre fyrstbispedøma Köln, Trier og Mainz. Frie keisarbyar
Talet på område var svært stort og då freden i Westfalen tredde i kraft var det om lag 300. Mange av desse var berre nokre få kvadratkilometer stort, så Riket vart av mange samanlikna med eit «lappeteppe» (Flickenteppich).
Reichstag
Reichstag eller «riksdagen» var eit lovgjevande organ i Det tysk-romerske riket. Det var delt inn i tre forskjellige klassar: Rådet av kurfyrstar, som inkluderte kurfyrstane i Det tysk-romerske riket. Rådet av fyrstane, som inkluderte både lekmenn og geistlege. Den borgarlege benken: Fyrstar (dei med titlane fyrste, storhertug, hertug, pfalzgreve, markgreve eller landgreve) hadde individuelle stemmer og nokre av dei hadde meir enn ei stemme fordi dei styrte fleire område. Rådet inkluderte òg grevar som vart delt inn i fire grupper: Wetterau, Schwaben, Franken og Westfalen. Desse gruppene hadde ei stemme kvar. Den geistlege benken: Biskopar, visse abbedar og dei to stormeistrane i Den tyske riddarordenen og Johanittarordenen. Desse hadde individuelle stemmer. Visse abbedar vart samla i to grupper, Schwaben og Rhinen. Kvar gruppe hadde ei stemme kvar. Rådet av dei frie keisarbyane, som inkluderte representantar frå dei frie keisarbyane gruppert i to grupper, Schwaben og Rhinen og kvar av dei hadde ei stemme kvar. Rådet hadde ikkje like rettar som dei andre i Riksdagen og det var fleire saker dei ikkje kunne stemme i, som til dømes tilgang til nye område. Representantane frå dei frie keisarbyane i Reichstag var vanleg sidan seint i mellomalderen, men dei vart først formelt godtatt som ein del av Riksdagen i 1648 med freden i Westfalen som enda trettiårskrigen.
Keisarhoffet Riket hadde to hoff, Reichshofrat ved hoffet til kongen/keisaren (seinare i Wien) og Reichskammergericht (det keisarlege kammerhoffet) som vart oppretta med keisarreforma i 1495.
Keisarkrinsar Som ein del av Reichsreform vart det oppretta seks keisarkrinsar i 1500, som i 1512 vart utvida til ti. Dette var regionsinndelingar av Riket slik at ein lettare kunne forsvare områda, halde på freden og lettare verne borgarane, i tillegg til skattelegging og oversyn over myntpreging. Kvar krins hadde sin eigen Kreistag.
Historie Frå austfrankarane til inverstiturstriden
Karl den store planla å dele områda sine mellom sønene sine, som var skikken hos frankarane på denne tida. Det viste seg at berre ein av sønene hans, Ludvig den fromme var i live då Karl døydde. Ludvig arva derfor alle områda til faren og keisartittelen. Då Ludvig avgjorde å bryte denne tradisjonen og heller gje landområda sine til berre ein av sønene braut det ut ei rekkje borgarkrigar som enda med oppdelinga i 843. Det er viktig å skilje mellom Austfrankarriket oppretta med oppdelinga av Karl den store sine område i 843 og sjølve Riket. Keisartittelen vart opphavleg gjeve til Lothar I, den eldste sonen til Ludvig, og så gjeve vidare til forskjellige greiner av det karolingiske dynastiet, og stundom berre av mindre viktige herskarar i Nord-Italia. Austfrankarriket utvikla seg til ein eigen eining fram til ein konge utanfor den karolingiske slekta var vald på byrjinga av 900-talet. Kroninga av sonen hans og etterfølgjaren Otto I som keisar, markerte byrjinga på sambandet mellom Austfrankarriket og keiartittelen, noko som varte til Frans II abdiserte i 1806.
Etter oppdelinga av Frankarriket med Verdun-traktaten i 843 heldt det karonlingiske dynastiet fram sjølvstendig i alle tre delar. Den austlege delen gjekk til Ludvig den tyske, som vart etterfølgd av fleire leiarar fram til Ludvig barnet, den siste karonlingaren i den austlege delen, døydde.
Leiarane i Alemannia, Bayern, Franken og Sachsen valde Konrad I av frankarane, som ikkje var av den karolingiske slekta, som leiaren sin i 911. Etterfølgjaren hans Henrik fuglefangar (r. 919–936) frå Sachsen var vald på Riksdagen i Fritzlar i 919 og vart akseptert som herskar over Det austlege riket av vestfrankarane (som framleis vart styrt av karolingarane) i 921. Han kalla seg sjølv Rex Francorum Orientalum (Konge over austfrankarane). Han grunnla det ottonske dynastiet.