Loch of Aboyne er ein innsjø i Skottland. Han er kunstig danna ved Aboyne Castle ved Royal Deeside og ligg 2 km nordaust for Aboyne og 42 km sørvest for Aberdeen. Han vart bygd kring 1834 og vart nytta som eit reservoar for ei nærliggjande mølle. I vintarmånadane er et populært å drive curling på innsjøen, og i nyare tid har Aberdeen Water Ski Club halde til her.
Den søraustlege delen av innsjøen fekk status som Site of Special Scientific Interest (SSSI) i 1984 på grunn av dei biologiske tilhøva. Han er eit viktig habitat for vassfugl og andre fuglar, og ofte kan ein sjå fiskeørn hente fisk frå vatnet. Det er òg ein viktig stad for sommarfugl.
Aboyne Loch campingplass ligg på ei skogkledd halvøy som strekkjer seg ut i innsjøen, medan Aboyne Golf Club ligg like sørvest for innsjøen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Loch of Aboyne» frå , den 31. mars 2010.
Aboyne Kategori:Geografi i Aberdeenshire