Åse Thoresen () var ein norsk songar (sopran) og underhaldningsartist frå Dombås. Ho debuterte i 1959 med tidsriktige, sentimentale slagerar. Sidan blei ho særleg kjent for å formidle norske folkeviser, og vart folkekjær blant anna gjennom fleire plateinnspelingar saman med broren, songaren og musikaren Børt-Erik Thoresen. Ho opptrådte i fleire av dei populære fjernsynsprogramma hans i NRK.

Plateinnspelingar (utval) 1961-1966: Norske Favoritter 1–7 - slagersamlingar med fleire artistar, deriblant Åse Thoresen, utgitt på plateselskapet Triola 1966: Viser ved peisen - med Børt-Erik Thorsen, Triola 1969: Folkelige viser - med Børt-Erik Thorsen, Triola 1970: Syng med oss vol. 1 - Triola 1971: Syng med oss vol. 2 - med Arne Bendiksen og barn, Flora 1972: Kom skal vi synge - med Ingebrigt Davik, Karusell (plateselskap) 1974: Kjære kom og dans med meg- med Ingebrikt Davik, Karusell 1975: Børt-Erik Thoresen med nogo attåt - samleplate, Flora 1977: Connie fra Hønefoss - med Connie og Odd Grythe, EMI 1977: En visebukett - med fleire artistar, Philips 1981: Sanger for de små - med fleire artistar, Philips

Bakgrunnsstoff Biografi i Norsk pop- og rockleksikon fra 2005

kategori:Folk frå Dovre Kategori:Norske songarar