Magnhild Haalke () var ein norsk forfattar frå Vikna i Nord-Trøndelag.
Liv Ho var fødd som Magnhild Camilla Kvaale, og var den nest eldste i ein syskenflokk på ti. Mor hennar var Kaja Augusta Wiig (1863–1948). Faren Knut Kvaale (1852–1942) var gardbrukar, lærar og kyrkjesongar.
Haalke utdanna seg som lærar. Ho verka i småskulen i over 30 år fram til ho tok avskjed i 1940.
Magnhild Haalke vart gift med målaren Hjalmar Haalke i 1922. Ho døydde i 1984, 99 år gammal.
Forfattarskap
Haalke debuterte 50 år gammal i 1935 med romanen Allis sønn. I denne romanen møter vi vesle Elling og mor hans, som begge strir fordi Elling er annleis enn andre born. Historia om han ender tragisk; han drep syster si. Denne tragedien til det uvanlege barnet er spesielt for Magnhild Haalke.
Ho er òg kjend for trilogien Grys saga, som omfattar Åkfestet (1936), Dagblinket (1937) og Rød haust (1941). Hovudpersonen her er ei einsam, ugift kvinne som på sett og vis har tapt sitt eige liv.
Haalke skreiv enno ein trilogi, Serinas hus (1955), Munter kvinne (1957) og Serinas vei (1962), novellesamlinga Sol og skygge (1971) og erindringsboka Mot nytt liv (1978).
Prisar og utmerkingar
Gyldendals legat 1949 Mads Wiel Nygaards legat 1953 Doblougprisen 1980
Kjelder
Kategori:Norske forfattarar Kategori:Folk frå Vikna Kategori:Vinnarar av Doblougprisen Kategori:Vinnarar av Gyldendals legat Kategori:Forfattarar frå 1900-talet