Jan Pieterszoon (òg Pieters, Pietersz) Sweelinck (fødd i mai 1562 i Deventer, død 16. oktober 1621 i Amsterdam) var ein nederlandsk organist og komponist. Han var den eldste sonen til organisten Peter Swybbertszoon og Elske Jansdochter Sweeling.

Som organist i Oude Kerk i Amsterdam utøvde han stor innverknad på den nordtyske orgelskulen på 1600-talet som kulminerte med Johann Sebastian Bach. Han var omgjengeleg og respektert og særs etterspurt som lærar. Av dei mest kjende elevane av «den tyske organistmakaren» var Jacob Praetorius den yngre, Heinrich Scheidemann og Samuel Scheidt. mini|venstre|Oude Kerk i Amsterdam der Sweelinck arbeidde nesten heile livet. Han var den siste meisteren innan den nederlandske polyfonien, ein overgangsfigur mellom renessansen og barokken. Han var vidt kjent for sine improvisasjonar på orgel og cembalo og det kom folk langvegsfrå for å høyre Orpheus frå Amsterdam.

Sweelinck komponerte meir enn 70 orgelverk (mellom anna toccataer, fantasiar og ricercarar) og over 250 stykke med vokalmusikk. Av vokalverka hans finn ein mellom anna om lag 150 Davidssalmar og 37 femstemmige Cantiones sacrae. Han blanda element frå den engelske virginaltradisjonen med den italienske orgelstilen og han utvikla forløparen til orgelfugen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jan Pieterszoon Sweelinck» frå , den 6. april 2010.

Bakgrunnsstoff

Notar

Kategori:Renessansekomponistar Kategori:Barokkomponistar Kategori:Nederlandske komponistar Kategori:Nederlandske organistar Kategori:Fødde i 1562 Kategori:Døde i 1621