Dagfinn Vårvik () var ein norsk økonom, pressemann og politikar frå Leinstrand i Sør-Trøndelag. Han var partileiar i Senterpartiet frå 1973 til 1977 og var statsråd i tre norske regjeringar.
Regjering 28. august - 25. september 1963: Statsråd og sjef for Finansdepartementet (finansminister) i John Lyng si regjering, som kom i posisjon som følgje av Kings Bay-saka, men blei sitjande i berre fire veker . 12. oktober 1965 - 17. mars 1971: Statsråd og sjef for Løns- og prisdepartementet (løns- og prisminister) i Per Borten si regjering. 18. oktober 1972 - 16. oktober 1973: Utanriksminister og sjef for Utanriksdepartementet i Lars Korvald si regjering.
Utdanning, yrke og anna politisk karriere Dagfinn Vårvik er utdanna samfunnsøkonom. Han begynte si politiske karriere som sekretær i Senterpartiet si stortingsgruppe. Han har også vore redaktør og politisk redaktør i Nationen.
I Senterpartiet var Vårvik i siste halvdel av 1970-talet sentral blant dei som ønskte eit samarbeid med partiet Høgre, trass i usemje med Høgre om EF-saka i 1972.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske finansministrar Kategori:Norske utanriksministrar Kategori:Norske løns- og prisministrar Kategori:Senterpartistatsrådar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Lyng Kategori:Statsrådar i Regjeringa Borten Kategori:Statsrådar i Regjeringa Korvald Kategori:Leiarar for Senterpartiet Kategori:Norske redaktørar Kategori:Folk frå Trondheim