Ole Pålsson Håkenstad () var ein norsk gardbrukar og stortingsmann. Han møtte i Stortinget fyrste gongen i 1814, siste gongen i 1842.

Håkenstad var frå garden Harildstad i Nord-Fron i Oppland. Tidleg i 1800-åra arva han garden Håkenstad i Vågå etter morbror sin, og budde der sidan.

Håkenstad var forlikskommissær i Vågå og valmann i lang tid. 1820-22 var han mellombels lensmann i bygda.

Til Stortinget vart Håkenstad vald fyrste gongen til det overordentlege storting 1814 for Kristians amt (Oppland). Han var representant på tingsamlingane 1815-16, 1818, 1824, 1827, 1833, 1836, 1839 og 1842. Og så deltok han på to overordentlege stortingssesjonar (1828 og 1836-37). Til stortingsvala 1821 og 1830 baud han seg fri. I dei ulike stortingssesjonane sat han i ei rekke komitear, på 1818-tinget heile femten ulike komitear.

Håkenstad var medlem av den 25 mann sterke deputasjonen frå Stortinget som møtte Kristian Fredrik på Bygdøy den 10. oktober 1814, for å take imot kongens abdikasjonserklæring.

Kjelder Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet, 1814-1914. B. 1 D. 1 : Biografier A-K digital utgåve side 317

Kategori:Stortingsrepresentantar 1814 Kategori:Stortingsrepresentantar 1815-1817 Kategori:Stortingsrepresentantar 1818-1820 Kategori:Stortingsrepresentantar 1824-1826 Kategori:Stortingsrepresentantar 1827-1829 Kategori:Stortingsrepresentantar 1833-1835 Kategori:Stortingsrepresentantar 1836-1838 Kategori:Stortingsrepresentantar 1839-1841 Kategori:Stortingsrepresentantar 1842-1844 Kategori:Stortingsrepresentantar for Oppland Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Nord-Fron Kategori:Folk frå Vågå