mini|Uranus avbilda på toppen av panseret til denne Augustus-statuen frå Prima Porta. Uranus er det latinske namnet på Uranos frå gresk mytologi, og var namnet romarane brukte om sin gud Caelus då dei identifiserte han med den greske guden. «Caelus» eller «Coelus» er hannkjønnsformer av namnet, og var mest brukte. Tidvis brukte ein også inkjekjønnsforma Caelum.

Somme gonger blei Uranus òg kalla Titan, ettersom han var far til titanane. Han blei også identifisert med Jupiter, som også var himmelgud.

Guden har gjeve namn til planeten Uranus, og titanane har gjeve namn til planeten sine månar.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Caelus» frå , den 17. mars 2014. oppgav desse kjeldene: Varro, De lingua latina 5.57 Hyginus, Fabula pr. 2 (17) Corpus Inscriptionum Latinarum 6.81.2.

Kategori:Romerske gudar Kategori:Himmel- og vêrgudar