Mesut Özil () er ein tysk fotballspelar, som i 2014 spela for Arsenal i engelsk Premier League, og det tyske landslaget. Han har tyrkisk opphav og kunne òg ha valt å spela for det tyrkiske landslaget, men valde det tyske. Han debuterte i Bundesliga som 17-åring, 12. august 2006 for Schalke 04 frå heimbyen Gelsenkirchen, i ein kamp mot Eintracht Frankfurt. I 2008 gjekk han over til Werder Bremen. Han vart seriemeister i Spania med Real Madrid i 2012. I 2014 vann han FA-cupen med Arsenal. Han var med på å vinna U21-EM med Tyskland i 2009. Han debuterte for det tyske A-landslaget i ein venskapskamp mot Noreg 11. februar 2009, der Tyskland tapte.
Referansar
Kategori:Tyske fotballspelarar Kategori:Schalke-spelarar Kategori:Werder Bremen-spelarar Kategori:Real Madrid-spelarar Kategori:Arsenal-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2016 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2018