Hønefoss Ballklubb er ein fotballklubb frå Hønefoss i Ringerike kommune i Buskerud i Viken. Kvinnene sitt A-lag spelar i 1. divisjon (2020). Herrelaget spelar i 3. divisjon avdeling 2 (2020).
Klubben spelar heimekampane sine på AKA Arena. Hovudtrenaren er Luke Torjussen (2020). Noverande hovudtrenar er .
Fyrste gongen Hønefoss spelte på øvste nivå var i 2010-sesongen.
Historie Klubben er ei samanslåing av fleire gamle fotball- og idrettsklubbar:
IF Liv som blei stifta 4. februar 1895. Fossekallen IF, som fekk namnet sitt 28. mars 1909 etter at Skiklubben Halden (stifta 15. april 1908) skifta namn. Fossekallen blei i 1940 slått saman med Hønefoss AIL. I 1987 blei klubbane IF Liv og Fossekallen slått saman til Liv/Fossekallen. Klubben fekk i 1997 namnet L/F Hønefoss, og i 2002 blei namnet igjen endra til noverande Hønefoss BK.
I 1998 rykte L/F Hønefoss opp i 1. divisjon. Publikumsrekorden i Hønefoss Idrettspark er 3 773, og blei sett 22. august 2005 i ein cupkamp mot Hamarkameratene. Supporterklubben heiter Fosseberget.
18. juli 2007 blei det vedteke å byggje nytt stadion, det stod ferdig i 2009. Det er sertifisert for 3500 plassar, men sidan området berre er regulert for 3000 må HBK søkje kommunen om dispensasjon dersom talet på tilskodarar blir over 3.000.Hønefoss BK - 3000 er passert
Januar 2008 blei Ole Bjørn Sundgot tilsett som ny hovudtrenar for klubben. I den andre sesongen med Sundgot som trenar greidde HBK andreplass i 1. divisjon, og sikra med det opprykk til Tippeligaen.
Merittar thumb|AKA Arena, 2009 4. plass i 1. divisjon (2002, 2005 og 2006) Semifinale i cupen (2005) 2. plass i 1. divisjon (2009)
Spelarstall Kvinner Endra 23. august 2020.A-lag kvinner
3 4 6 7 8 9 10 11 12 , målvakt 14 15 16 17 18 19 20 22 24 25 26 , forsvar 27 , midtbane 28 , angrep 31 , målvakt 31 , målvakt , målvakt
Menn Endra 23. august 2020.A-lag
6 1 , målvakt 7 8 9 10 13 , målvakt 14 16 17 20 23 28 , midtbanespelar 29
, forsvar , spiss
Kjelder
Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå bokmålswikipediaen 11. april 2010.
Bakgrunnsstoff Offisiell side Fosseberget Supporterklubb
Kategori:Fotballag i Buskerud Kategori:Fotballag skipa i 1895 Kategori:1895 i Noreg