Erik Olof Mellberg () er ein svensk fotballspelar, som spelar i forsvar for Olympiakos i den greske fotballigaen, og for det svenske landslaget.

Mellberg spelte i 7 sesongar, frå 2001 til 2008, for Aston Villa i engelsk Premier League. Han har òg spelt i italiensk og spansk fotball. Han var med å vinna den svenske ligaen, Allsvenskan, med AIK i 1998, og den greske ligaen i 2011 med Olympiakos. I 2010 passerte han 100 landskampar for Sverige, og han har òg vore landslagskaptein.

Kategori:Svenske fotballspelarar Kategori:AIK-spelarar Kategori:Racing Santander-spelarar Kategori:Aston Villa-spelarar Kategori:Juventus-spelarar Kategori:Olympiakos-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2000 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2002 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2004 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2006 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2008 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012