Herr Jesu Christ, du höchstes Gut, BWV 113, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1724 for den 11. sundagen etter treeiningssundag.

Teksten er henta frå Bartholomäus Ringwaldt (sats 1, 2, 4, 8), medan resten er skriven av ein ukjend tekstforfattar. Koraltemaet er basert på salmen «Herr Jesu Christ, du höchstes Gut». Denne melodien kan sporast tilbake til salmar frå Görlitz i 1587 og Dresden i 1593. Görlitz-salmen har tittelen «Harmonia hymnorum». Ein kjenner ikkje til kven som komponerte denne melodien.

Instrumentering og struktur

Stykket er instrumentert for tverrfløyte, to oboar, to oboar d’amore, to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av 8 satsar: «Herr Jesu Christ, du höchstes Gut», Koral «Erbarm dich mein in solcher Last», Koral «Fürwahr, wenn mir das kömmet ein», Arie for bass «Jedoch dein heilsam Wort, das micht», Resitativ & Koral «Jesus nimmt die Sünder an», Arie for tenor «Der Heiland nimmt die Sünder an», Resitativ for tenor «Ach Herr, mein Gott, vergib mirs doch», Arie for Sopran og alt «Stärk mich mit deinem Freudengeist», Koral

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Piano- og songpartitur for BWV 113 på bach-cantatas.com

Kategori:Musikk i 1724