Andreas Pedersen Seierstad () var ein norsk teolog, bondestudent med haugiansk bakgrunn, målmann, kyrkjehistorikar og folkeminnegranskar.

Han vart uteksaminert frå Notodden lærarskule i 1911, der han også underviste periodevis, tok artium i 1916, cand.theol. i 1921 og dr.theol. i 1924, med avhandlinga Kyrkjelegt reformarbeid i Norig i nittande hundreaaret (Bergen, 1923). Same året vart han også dosent, og frå 1946 til 1960 arbeidde han som professor i kyrkjehistorie ved Menighetsfakultetet.

Han gav ut Olavsdyrking i Nidaros og Nord-Europa (1930) og mindre avhandlingar om den norske kyrkjehistoria, særleg i mellomalderen, reformasjonstida og på 1800-talet, og dei fleste av desse vart seinare trykte samla i Fedrearv og kristenkall (1965). Seierstad var også medredaktør i Tidsskrift for teologi og kirke (1930–1960), og medlem av Den midlertidige kirkeledelse (1943–1945).

Allereie som gut tok Seierstad for seg Det norske Folkesprogs Grammatik av Ivar Aasen, og vart dermed målmann. Miljøet på lærarskulen og det at han gifta seg med Anne Sørensen frå Lunde i Telemark styrkte også tilhøvet hans til landsmål.

Han var bror til Ivar Pedersen Seierstad.

Kjelder «Andreas Pedersen Seierstad» hjå Store norske leksikon, innhenta 15. april 2010 (lisensiert under CC-BY-SA). «Andreas Pedersen Seierstad» i Allkunne, innhenta 15. april 2010.

Kategori:Norske teologar Kategori:Professorar ved Menighetsfakultetet Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Målfolk Kategori:Folk frå Larvik