Danske monarker
Danske regentar er ei liste over Danmark sine kongar og regjerande dronningar. Danmark er det einaste landet – utanom Japan – som er vorte regjert av eit enkelt dynasti, gjennom meir enn 1000 år.
Tradisjonen seier at den danske kongerekka vert innleia med Gorm den gamle, sjølv om han ikkje høyrer med i den danske kongerekka, og sjølv om den sikre historiske tida fyrst byrjar under Knud den mektige. Frå denne tida stammar ei årbok frå Lund i Sverige. Alle tidlegare informasjon stammer frå utanlandske kjelder.
Før kongerekka er det ei overlappande rad av segnkongar.
Dei to store, dominerande slektene i det danske kongehuset er huset Oldenburg og huset Glücksburg. Den første av Oldenburgarane var Kristian I, vart konge i 1448 og den siste av denne slekta vart Fredrik VII, som døydde barnlaus i 1863. Fredrik vart etterfølgt av Kristian IX, som vart kjend som «Europas svigerfar» eller «Europas oldefar», fordi fleire av døtrene hans vart gifta inn i andre europeiske kongehus. Dagens kongefamilie er etterkommarar etter Kristian IX.
Som dei andre kongedømma i Vest-Europa er Danmark eit konstitusjonelt monarki.Monarkiet i dag frå Kongehuset.dk Under den såkalla Påskekrisa i 1920 utfordra Kristian X fleirtalet i Folketinget og etter den tida vart parlamentarismen knesatt i Danmark.Christian 10. frå Danmarkshistorien / Aarhus Universitet Rolla til kongehuset har frå da av vore redusert til symbolske og seremonielle oppgåver.
Uviss tidfesting – Jellingdynastiet Omtala 936 – tidlegast d. 958 Gorm den gamle Moglegvis konge på midten av 900-taletGorm den Gamle -958 Frå Danmarkshistorien.dk
Historiske kongar 958–1375 Tidlegast 944 - i eksil seinast 984/985 Harald I Blåtand Seinast 986 - d. 1014 Svend I Tveskæg 1014-1018 Harald II 1018/19-1035 Knud II den mektige 1035-1042 Knud III Hardeknud 1042-1047 Magnus den gode 1047-1076 Svend II Estridsen 1076-1080 Harald III Hen 1080-1086 Knud IV den heilage 1086-1095 Oluf I Hunger 1095-1103 Erik I Eiegod 1104-1134 Niels 1134-1137 Erik II Emune 1137-1146 Erik III Lam 1146-1157 Svend III Grathe og Knud V 1154-1182 Valdemar I den store 1182-1202 Knud VI 1202-1241 Valdemar II Sejr 1241-1250 Erik IV Plovpenning 1250-1252 Abel 1252-1259 Christoffer I 1259-1286 Erik V Glipping 1286-1319 Erik VI Menved 1320-1326 Christoffer II 1326-1329 Valdemar III 1329-1332 Christoffer II 1332-1340 Den kongelause tida (Danmark var pantsett til grevane av Holstein) 1340-1375 Valdemar IV Atterdag 1376-1387 Oluf II
Kalmarunionen 1375–1448 1387-1412 Margrete I 1396-1439 Erik VII av Pommern 1440-1448 Christoffer III av Bayern
Huset Oldenburg 1448–1863 1448-1481 Christian I 1481-1513 Hans 1513-1523 Christian II 1523-1533 Frederik I 1534-1559 Christian III 1559-1588 Frederik II 1588-1648 Christian IV 1648-1670 Frederik III 1670-1699 Christian V 1699-1730 Frederik IV 1730-1746 Christian VI 1746-1766 Frederik V 1766-1808 Christian VII 1808-1839 Frederik VI 1839-1848 Kristian VIII 1848-1863 Fredrik VII
Huset Glücksburg 1863– 1863-1906 Kristian IX 1906-1912 Fredrik VIII 1912-1947 Kristian X 1947-1972 Fredrik IX 1972–2024 Margrethe II 2024– Frederik X
Kronprins Christian av Danmark er tronfylgjar etter og son av Frederik X.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Danmarks regenter» frå , den 11. april 2005.
Bakgrunnsstoff Kongerækken på kongehuset.dk Gorm den Gamles stamtræ på kongehuset.dk Oldenborgernes stamtræ på kongehuset.dk Glückborgernes stamtræ på kongehuset.dk
Kategori:Lister over monarkar Kategori:Tidsliner