Oluwaseyi George Olofinjana () er ein nigeriansk tidlegare fotballspelar som i 2010/11-sesongen spela på midtbanen for Cardiff i nest høgste divisjon i den engelske serien, på lån frå Hull City, og for det nigerianske landslaget.

I 2003 og 2004 spelte Olofinjana for Brann i den norske Tippeligaen, der han vart ein svært populær spelar. Han vart selt frå Brann til Wolverhampton Wanderers for 22 millionar kroner, ein av dei største overgangssummane nokonsinne for ein Brann-spelar. I 2014 pelte han for Start.

Olofinjana er utdanna i Nigeria som kjemisk ingeniør.

Kategori:Nigerianske fotballspelarar Kategori:Brann-spelarar Kategori:Wolverhampton-spelarar Kategori:Stoke-spelarar Kategori:Hull-spelarar Kategori:Cardiff-spelarar