Gelobet sei der Herr, mein Gott, BWV 129, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.
Han vart komponert i Leipzig i 1726 for treeiningssundag, som dette året var den 16. juni. Stykket vart framført på nytt 1732-1735 i Leipzig, og ein gong til i 1743-1747 i Leipzig.
Teksten er skriven av Johann Olearius.
Koraltemaet er basert på salmen «O Gott, du frommer Gott». Bach nytta mykje denne melodien til koraltekstane til Johann Heermann, men òg til andre sine tekstar. Melodien vart komponert av Ahasverus Fritsch kring 1679.
Instrumentering og struktur
Stykket er instrumentert for tre trompetar, pauke, tverrfløyte, to oboar, to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt tre songsolistar (sopran, alt, bass) og firedelt kor.
Det består av 5 satsar:
«Gelobet sei der Herr, mein Gott», Koral «Gelobet sei der Herr, mein Gott, mein Heil», Arie for bass «Gelobet sei der Herr, mein Gott, mein Trost», Arie for sopran «Gelobet sei der Herr, mein Gott, der ewig lebet», Arie for alt «Dem wir das Heilig itzt mit Freuden lassen klingen», Koral
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Piano- og songpartitur for BWV 129 på bach-cantatas.com
Kategori:Musikk i 1726