mini|Førstesida av endekorale i Uns ist ein Kind geboren i ein manuskriptkopi laga av Christian Friedrich Penzel i 1756.
, BWV 142, er ein kyrkjeleg julekantate tidlegare tilskriven Johann Sebastian Bach. Han nyttar tekst av Erdmann Neumeister som først kom ut i 1711. Musikken vart komponert i Leipzig kring 1720, truleg av Johann Kuhnau for første juledag.
Komponist Den opphavlege komponisten av kantaten er ikkje fullstendig etablert. Kantaten blei først gjeven ut av Bach-Gesellschaft på 1800-talet, men Bach-forskarar som Johannes Schreyer, Arnold Schering og Alfred Dürr aksepterte ikkje denne tilskrivinga.Sjå:
, page 133 Seint på 1900-talet blei han teken ut av Neue Bach Ausgabe, og erstatta av ein detaljert kommentar om autentisitet og tilskviring av Andreas Glöckner. På grunn av usikkerheiten har kantaten blitt verande på lista Anhang II i Bach-katalogen BWV.Classical Net Uns ist ein Kind geboren (Unto us a child is born), Classical Net, 1998 Det blir no rekna som sannsynleg at Johann Kuhnau, føregangaren til Bach som Thomaskantor i Leipzig. Dette blei opphavleg føreslått av .
Instrumentering og struktur
Stykket er instrumentert for to blokkfløyter, to oboar, to fiolinar, bratsj og basso continuo med tre songsolistar (alt, tenor, bass) og firedelt kor.
Stykket har åtte satsar:
Sinfonia, instrumentalkonsert for to alt-blokkfløyter, to oboar og strykarar. Kor: , dobbel fuge med det første temaet sett til teksten av «Uns ist ein Kind geboren» og det andre til «Eins Sohn ist uns gegeben». Arie (bass): Kor: . Denne korte korsatsen byrjar med ein fugatoseksjon der dei fire stemmene er akkompagnert av første- og andrefiolin. Etter fugedelane er musikken homofonisk. Arie (tenor): . I denne relativt korte da capo-arien er tenoren akkompagnert av to obligatoboar. Resitativ (alt): Arie (alt): . Denne arien er ein transposisjon av den 5. satsen frå A-moll til D-moll med nye ord. Alten erstattar tenoren og dei to altblokkfløytene erstattar oboane. Kor: Alleluia. Over ein nesten ubroten straum av sekstendelsnotefigurar spelt i unison av altblokkfløyter, oboar og fiolinar syng koret den siste firstemmige koralen linje for linje.
Innspelingar Alsfelder Vokalensemble / I Febiarmionici, Wolfgang Helbich. The Apocryphal Bach Cantatas II. CPO, 2001. Choir and Orchestra "Pro Arte" Munich, Kurt Redel. J.S. Bach: Magnificat in D Major & Cantata BWV 142. Philips, 1964. Mannheim Bach Choir / Heidelberger Kammerorchester, Heinz Markus Göttsche. J.S. Bach: Cantatas BWV 62 & BWV 142. Da Camera, 1966. Capella Brugensis / Collegium instrumentale Brugense, Patrick Peire. 'Uns ist ein Kind geboren', Eufoda, 1972
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Uns ist ein Kind geboren, BWV 142» frå , den 29. november 2017.
Kategori:Julemusikk