Dirk Kuijt, eller Dirk Kuyt () er ein nederlandsk fotballspelar. Han har spela i angrep for Liverpool i engelsk Premier League, og for det nederlandske landslaget.

Klubbkarriere Kuijt begynte proffkarrieren sin hjå Utrecht i 1998, der han snøgt kom med på førstelaget. Han var i klubben i fem år. I den siste sesongen sin der, vann han den nederlandske cupen. Han gjekk til Feyenoord i 2003 for 1 million euro. Han vart klubbkaptein der i 2005, og var klubben sin toppskårar tre sesongar på rad. I 2004/05-sesongen vart han toppskårar i den nederlandske toppdivisjonen, Eredivisie, og i 2005/06 vart han kåra til årets spelar i Nederland. Han gjekk berre glipp av fem kampar på sju sesongar frå 1999 til 2006, og spelte 179 kampar på rad frå 2001 til 2006. Etter tre år i Feyenoord gjekk han til Liverpool for 10 millionar pund i 2006. Han kom raskt med på førstelaget der, og vart Liverpool sin toppskårar i Premier League i 2006/07-sesongen med 12 seriemål. Han skåra for Liverpool i finalen i Meisterligaen i 2007, der Liverpool tapte 2-1 for Milan.

Landslagskarriere Då Marco van Basten tok over som landslagssjef i 2004 gjennomførte han eit generasjonsskifte på laget, som kom Kuijt til gode. I september 2004 debuterte han for A-landslaget i van Basten sin første kamp som sjef, mot Liechtenstein. Han har vore fast på landslaget sidan då, og spelte i 12 av VM-kvalifiseringskampane før fotball-VM i 2006.

Under sjølve VM starta Kuijt på benken, men kom inn som innbytar etter 69 minutt i den første kampen, mot Serbia og Montenegro, og spelte ikkje i den andre kampen. Då Nederland allereie var kvalifisert til åttandedelsfinalen, fekk han spela den tredje kampen, mot Argentina, frå start på høgrevingen. Han fekk òg spela i åttandedelsfinalen, der Nederland vart slått av Portugal.

Under fotball-EM i 2008 vart Kuijt brukt som høgreving. Han skåra eitt mål mot Frankrike i gruppespelet. Under kvalifiseringa til fotball-VM i 2010 skåra Kuijt tre mål.

Anna Kuijt er gift og har ei dotter og to søner. Han har oppretta stiftinga Dirk Kuyt Foundation, som støttar sports- og utviklingsprosjekt.

Kjelder

Denne artikkelen starta med omsetjing av stoff frå engelsk wikipedia 20. april 2010.

Bakgrunnsstoff Dirk Kuyt si nettside.

Kategori:Nederlandske fotballspelarar Kategori:Utrecht-spelarar Kategori:Feyenoord-spelarar Kategori:Liverpool-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2008 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2006 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014