Reidar Carlsen (), fødd i Beiarn, var ein norsk forstmann og politikar frå Arbeiderpartiet.

Reidar Carlsen vart vald inn på Stortinget i 1945, og var stortingsrepresentant fram til 1961.

Han var konsultativ statsråd for fiskerisaker 5. november 1945 - 1. juli 1946, og deretter den første som var statsråd og sjef for det nyoppretta Fiskeridepartementet (fiskeriminister) frå 1. juli 1946 - 19. november 1951, i Einar Gerhardsen si andre regjering.

Reidar Carlsen var jord- og skogsarbeidar, fiskeriarbeidar, forretningsførar, journalist og kontorist i åra 1923-1937. I 1928-1929 studerte han ved Statens Skogskole Steinkjer.

Han flytta til Bodø og engasjerte seg i 1930-åra i politikk, og fekk styreverv i Nordland AUF, i Bodø Arbeidarparti, var formann i Søre Salten krinsparti av DNA, og vart vald inn i Bodin kommunestyre i 1937).

Han blei heradskogmeister for Bodin, Kjerringøy, Sørfold og Leiranger 1937-1939. 1939-1953 var han sekretær i Nordland fylkes fiskarlag. Han var direktør i Utbyggingsfondet for Nord-Norge frå 1952, og direktør og sjef i Distriktenes Utbyggingsfond 1961-1978.

Reidar Carlsen var sterkt oppteken av Nord-Noreg og Nordkalotten, og var sentral i Stortingsmelding nr. 82, Utbyggingsplan for Nord-Norge (1951). I 1972 var Carlsen formann for organisasjonen Ja til EF.

Utmerkingar Petter Dass-medaljen (1955) St. Olavs orden (1968)

Kjelder Reidar Carlsen hos Stortinget.no

Kategori:Norske fiskeriministrar Kategori:Ap-statsrådar Kategori:Statsrådar i Regjeringa Gerhardsen II Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Nordland Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Norske forstfolk Kategori:Folk frå Beiarn