Sæmund Halvorsen Vik () var ein norsk lærar, prest og stortingsmann.
Vik var fødd i Kristiansund, oppvaksen i Frei der far hans var gardbrukar. Han vart uteksaminert frå Klæbu seminar i 1853 og vart student i 1857. I 1861 vart han cand. theol. Styrar av den høgare allmennskulen på Røros frå 1863, seks år seinare vart han styrar av ein folkehøgskule på Nordmøre. 1872-76 stiftskapellan i Trondheim, deretter fem år residerande kapellan i Inderøy. Sokneprest i Aure på Nordmøre 1881-84.
Vik vart vald til 5. representant frå Romsdals amt på Stortinget 1883-85. Han var permittert frå 3. mars 1883 og ut sesjonen. I 1884 møtte han på stortinget, i 1885 hadde han sjukdomsforfall.
Etter 1884 budde Vik dels på ein gard han eigde i Orkdal, dels i Trondheim. Han døydde ugift i Kristiania.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar for Møre og Romsdal Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Norske prestar Kategori:Norske lærarar Kategori:Folk frå Kristiansund