Italiensk konsert, BWV 971, opphavleg tittel: Concerto nach Italienischem Gusto (Konsert etter italiensk smak), er ein tre satsar lang cembalokonsert av Johann Sebastian Bach. Han vart publisert i 1735 som den første halvdelen av Clavier-Übung II, i lag med Ouverture i fransk stil. Italiensk konsert har vorte eit av dei mest populære klaververka til Bach og er spelt mykje på både cembalo og piano.

Satsar:

Utan tempo-merking Andante Presto

Sjølv om ein solokonsert er avhengig av dei kontrasterande rollene til dei forskjellige instrumentgruppene i eit ensemble, imiterer Bach denne effekten ved å skape kontrastar ved hjelp av manualar i forte og piano på eit tomanuals cembalo. I lag med Ouverture i fransk stil og somme av Goldbergvariasjonane, er dette eit av få verk av Bach, som krev cembalo med to manualar.

Bach transkriberte òg Italiensk konsert av Vivaldi og andre for cembalo (BWV 972-987) og for orgel eller pedalcembalo (BWV 592-596).

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Italian Concerto, BWV 971» frå , den 26. april 2010.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Musikk i 1735 Kategori:Musikkverk av Johann Sebastian Bach Kategori:Cembaloverk

de:Clavierübung#Clavierübung Teil II