Mario Gómez García () er ein tysk fotballspelar, som er særleg kjend for sine sesongar i VfB Stuttgart og Bayern München. Han har spansk far og tysk mor, og kunne ha spelt for begge landslaga, men valde Tyskland som 17-åring. Angrepsspelaren spelte 78 landskampar for Tyskland og vann medalje i både europameisterskap og verdsmeisterskap. I 2013 var han med å vinne UEFA-meisterligaen for Bayern München.
Klubbspel Gómez ligadebuterte med VfB Stuttgart i 2004. Då Stuttgart vart seriemeister i 2006/07-sesongen, skåra Gomez 14 mål og vart kåra til årets spelar i Tyskland. Han var Stuttgart sin toppskårar i Bundesliga i tre sesongar på rad, i 2006/07 med 14 mål, 2007/08 med 19 mål og i 2008/09-sesongen med 24 seriemål. Sommaren 2009 vart han overført til Bayern München, og vart då den dyraste spelaren i Bundesliga, med ein overgangssum på 30-35 millionar euro. Fra 2009 til 2013 gjorde han teneste i Bayern München, der han to gongar vann ligaen og DFB-pokalen, samt UEFA-meisterligaen i 2013. Etter et toårig opphald hos italienske AC Fiorentina i Serie A, bidrog han som toppskårar i 2015/16-sesongen til at Beşiktaş vart tyrkisk seriemeister. Etter halvanna år i VfL Wolfsburg returnerte Gómez til VfB Stuttgart i januar 2018, der han la opp i 2020.
Landslagsspel Gomez var tysk landslagspelar frå 2007 til 2018. Han var med i troppene til Fotball-EM 2008, 2012 og 2016, og til Fotball-VM 2010 og 2018. Frå desse meisterskapane fekk han med han seg EM-sølv i 2010 og bronsemedaljar i VM 2010 og EM 2012. På sine 78 kampar i landslagsdrakta skåra han 31 mål.
Merittar VM-bronse: 2010 for Tyskland EM-sølv: 2008 for Tyskland EM-bronse: 2010 for Tyskland Vinnar av meisterligaen: 2013 for Bayern München Finalist i meisterligaen: 2010 og 2012 for Bayern München Vinnar av bundesligaen: 2007 for Stuttgart, 2010 og 2013 for Bayern München Vinnar av DFB-pokalen: 2010 og 2013 for Bayern München Tyrkisk seriemeister: 2016 for Beşiktaş
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mario Gómez» frå , den 16. juli 2026.
eu-football
Kategori:Tyske fotballspelarar Kategori:Stuttgart-spelarar Kategori:Bayern München-spelarar Kategori:Fiorentina-spelarar Kategori:Besiktas-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2008 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2016 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2018