T er den tjuande bokstaven i det latinske alfabetet og hadde same form i latin og gresk. Han stammar frå det fønikiske alfabetet. Det hebraiske namnet på bokstaven er taw, og grekarane overtok dette namnet. Romarane overtok frå etruskarane namnet te.
I den eldre runerekka er t det 17. teiknet, og i den yngre det 12. teiknet. I det yngre runealfabetet vert t òg nytta for d. [t] er i norsk ein ustemt dental eller alveolar lukkelyd (plosiv). I norsk er han aspirert, det vil seie følgd av eit pust, i framlyd og uaspirert i innlyd og etter s. Ein variant er den retroflekse uttalen i austnorsk av til dømes ert.
Tâw var den siste bokstaven i det vest-semittiske alfabetet, og i det hebraiske.
T kan stå for hydrogenisotopen tritium SI-eining for tesla, eininga for magnetisk flukstettleik. SI-prefikset tera, skrive føre eit einingssymbol tyder det at eininga skal multipliserast med 1012 (ein billion). vanleg symbol for fysisk/teknisk periode (svingetid). T, vanleg symbol for termodynamisk temperatur (absolutt temperatur). For celsiustemperatur vert vanlegvis t nytta. latinsk forkorting for namna Titus og Tullius.
t kan stå for symbol for masseeininga tonn, lik 1000 kg. Eininga og symbolet kan nyttast saman med SI-einingar. norsk symbol for time, internasjonalt vert symbolet h nytta. i musikk forkorting for i talon, tasto, tenor, tonika eller tutti.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Det latinske alfabetet